Det motsette – litt om bordbrikkeskikkar, fukt og god innsats i arbeidslivet

Det heiter seg at vi bruker dikotomiar – motsetningspar – til å kategorisere og å forstå verda rundt oss. Men er kvardagen vår verkeleg så svart-kvit og enkel? Er det lurt reint søleteknisk å bruke bordbrikker? 

Mange meiner for eksempel at det er ein fin, norsk verdi å skjera seg tjukke brødskiver og ha på minimalt med pålegg. Men ein ny skikk har innteke landet, nå har ein gjerne på både smør, majones, salat, ost, skine, egg, tomat og agurk på ei tynn flis med lågkarbobrød. I slike tilfelle har liksom brødet og pålegget bytt plass, fått motsette eigenskapar av det som er naturleg, det har blitt pålegg med brød.

Kvar går eigentleg balansegangen mellom livets brød og livets pålegg? Vi vil i det følgjande drøfte nokre relevante saker.

Bordskånar eller bordskåldar?

Få ting gjev oss så høge skuldrer som heimar som har innført strenge drikkebrikkeskikkar.

Det er svært krevjande å setja frå seg koppen eller glaset akkurat på den vesle bordbrikka. Du må føre koppen målretta og konsentrert mot det vesle flaket, du dett ut av samtalene, du begynner å skjelve på handa for du er redd for å bomme. Du veit at dette vertskapet får hjarteflimmer og hetetokter om du skulle koma i skade for å søle litt på bordet.

Men om vi legg dette sosiale aspektet til sides: Er eigentleg bordskånarar bra reint søleteknisk? For det fyrste så er desse brikkene oftast ganske små, kanskje 60-70 kvadratcentimeter. Dei er også litt oppbygde, så om du skulle setja koppen litt utpå kanten, så er det lett gjort å velte koppen og søle drikka utover.

Og dersom uhellet skulle vera ute, og det skulle koma litt fukt på bordet, så vil dette leggje seg mellom bordskånaren og bordet. Det blir vanskeleg å oppdaga fuktskadane sidan dei er skjulte under brikka, og fukta blir liggjande og godgjera seg. Til slutt blir bordet råteskadd og ein må kjøpe nytt bord. Ein venn har blitt ein fiende, skånaren har blitt ein skåldar.

Det ironiske er at vertskapet her truleg blir enda meir innbite på å bruke bordskånar, fordi dei trur at bordet gjekk dukken på grunn av slurv.

Konklusjon: Eit bord er i seg sjølv som ei stor bordbrikke som du kan setja frå deg kva som helst på, og som det er lett å reingjera etterpå.

Når går situasjonen over frå å vera eit salongbord med aviser til å bli ein avisstabel med eit salongbord inni?

Når går situasjonen over frå å vera eit salongbord med aviser til å bli ein avisstabel med eit salongbord inni?

Ei samtale om god innsats i arbeidslivet

 

Guri: Har du høyrd om han mannen som samla på så mange Dag og Tid at han brukte opp alle kubikkmetrane i huset sitt?
Sigrid: Nei.
Guri: Det var ein gamal krok.
Sigrid: Når går eit prosjekt over frå å vera vellykka til å bli mislykka? Er det med ein gong det ikkje er perfekt lenger, eller er det ein gradert skala?
Guri: Vanskeleg spørsmål. Eg trur eg treng nokre eksempel.
Sigrid: Om du strikkar ein genser og det blir éi maske feil, er det da mislykka?
Guri: Ja, ifølgje dine statuttar. For da gremmar du deg kvar gong du ser genseren.
Sigrid: Ja.
Guri: Er du slik på jobb òg, at om du gjer ein stor jobb med ein liten feil, så føler du at det er bortkasta?
Sigrid: Kanskje ikkje bortkasta, men det irriterer meg. Kva med deg?
Guri: Eg øver på å heve meg over det.
Sigrid: Det var fint sagt. Å «heve seg over noko» høyrest meir positivt ut, du utviklar deg til å bli eit betre menneske. Men eigentleg blir du berre meir slurvete.
Guri: Det er slik det er i arbeidslivet. Om du gjorde ditt beste heile tida, ville du gjort ein dårleg jobb.
Sigrid: Hæ?
Guri: For om du støtt gjorde ditt beste, ville du ikkje kome nokon veg. Du ville berre fått gjort ein tidel av det du skulle.
Sigrid: Men du gjer jo ikkje ditt beste om du er ineffektiv?
Guri: Om du skal gjera ditt beste på kvar enkelt ting, så brukar du for mykje tid.
Sigrid: Ikkje om du gjer alt feilfritt med ein gong.
Guri: Det er mange som brukar for mykje tid på detaljar når dei er nye i arbeidslivet. Det gjorde iallfall eg. Kva er det viktigaste du har lært i yrkeslivet?
Sigrid: Å aldri skrive noko eg sjølv ikkje forstår.

Av: Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim
Du les meir om problematiske grenseoppgangar og dikotomiar i Dag og Tid, Innsida freda 5. oktober 2018

 

Leave a Comment