DOBBELTSLEPP: Guri S. Botheim + The Brørs

Guri Sørumgård Botheim lanserer diktsamlinga Heime mellom istidene. Sigurd Brørs lanserer musikkprosjektet The Brørs sesong 1. Det blir opplesingar og konsert. Sigrid Sørumgård Botheim er konferansier.

Tysdag 3. mai kl. 19.30
Digs, Olav Tryggvasons gate 30, Trondheim
Gratis inngang, ope for alle

Arrangør: Det Norske Samlaget og The Brørs
Arrangementet på Facebook: Dobbeltslepp

Guri og Sigurd er sambuarar. Dei har arbeidd i over tre år med dei to prosjekta sine. Nå feirar dei med felles sleppfest.

Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og bur i ei 1950-talsblokk i Ila i Trondheim. Ho debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv humorspalte i Dag og Tid, og er kjent for særeigne opplesingar.

Guri arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Heime mellom istidene er den fyrste diktsamlinga hennar.

Les meir om diktsamlinga her: Heime mellom istidene

Sigurd Brørs (f. 1968) kjem frå Surnadal og bur i Trondheim. Han var tidlegare låtskrivar, vokalist og gitarist i bandet Karl Barx. I einmannsbandet The Brørs gjer han det meste sjølv. The Brørs vil frå 28. mars til 25. september i år publisere dei 13 låtane som utgjer «sesong 1» på nettsida www.broers.no.
Sigurd arbeider til dagleg som multimedia designer i Headspin Advertising.

Følg musikkprosjektet The Brørs her: The Brørs