Eit ammeinnlegg mot «ammetåka»

Hei! Kan vi ikkje kaste ordet «ammetåka» på skraphaugen?

Eg har i fleire år stussa over omgrepet «ammetåka». Det høyrest ut som at den ammande er i ein mentalt uklår, utilrekneleg, vimsete eller ukonsentrert tilstand. Ordlista går så langt som å definere ammetåka som ein «lettare psykisk ubalanse i dei første vekene etter ein fødsel».

Etter at eg sjølv fekk baby, har eg høyrd ordet i bruk av andre mammaer rundt meg, alltid som ei unnskyldning for at ein ikkje er perfekt eller strekkjer til på detaljnivå i alle retningar. Men er det riktig å unnskylde seg? Etter mi meining er ikkje barseltida ein tåketilstand, nei heller tvert om ein tilstand av konsentrasjon. Å amme og å passe på babyen krev fokus og mykje energi, gjennom heile døgnet. Kan vi ikkje heller kalle tilstanden barselkonsentrasjon – ein positiv honnør til foreldra som prøver å prestere så godt ein kan i ein ny situasjon?

Som fyrstegongsforeldre blir ein kasta ut i ein kontinuerleg læringsprosess utan moglegheit til å ta pause. Om det er sunt eller ikkje, det veit eg ikkje (men nokre forskarar påstår at visse hjerneområde veks etter fødselen). Om ein blir gløymsk og ufokusert i andre samanhengar, så trur eg ikkje at det skuldast amminga i seg sjølv, men heller oppstykka søvn, mykje fysisk arbeid og konsentrasjon om dei viktigaste oppgåvene, kort sagt barselkonsentrasjonen.

Barselkonsentrasjonen er ein tilstand som òg pappaen blir omfamna av!

Leave a Comment