Fantasiboka

Da eg kom heim frå sjukehuset etter å ha fått ei dotter, låg den heilt nye Fantasiboka i postkassa mi. Det passa bra, for i Fantasiboka har eg skrive min aller fyrste barneboktekst. Forteljinga skreiv eg lenge før eg visste at eg skulle få ein unge sjølv. Eg syntest det var kjempevanskeleg å skrive forteljinga, eg var nær ved å gjeva opp fleire gonger. Men heldigvis fekk eg sendt inn eit bidrag til slutt og fekk vera med i den fine antologien.

Hovudpersonane i forteljinga «Syskrinet SA» er Lars Trå og trådsnellene hans: Rosa Glacé, Grøn Gütermann, Gul Drima og Blå Mölnlycke. Gunvor Rasmussen har teikna trådsnellene og illustrert forteljinga.

syskrinet-sa-inni

Fantasiboka er illustrert av Gunvor Rasmussen.

Fantasiboka er den femte og siste boka i ein serie med nyskrivne nynorske forteljingar gjeve ut av Skald forlag.

Les meir om Fantasiboka her: Klikk her

Leave a Comment