Haustrefleksjon

Det er skummelt å bevege seg ute i haustmørkret. Mange farar lurar, som halloweenungar, klovnar, Justin Bieber, ulvar, hakkespettar, elgar og dopingjegerar. Det hadde vore tryggare om alle brukte refleks, eller?

Slik avslører du farlege refleksar, kunne vi lesa på «Din side» her om dagen. Vi vart sjølvsagt redde. Farlege refleksar? Kan dei eksplodere? Er det giftige gassar i dei?

Refleksekspertane fortalte at det er farlegare å gå med dårlege refleksar enn å gå utan refleks. For du oppfører deg annleis om du veit at du ikkje synast. Når du går med refleks, kan du hoppe ut i vegen og rekne med at bilane stoppar. Så ein dårleg refleks er falsk tryggleik. Ekspertane gjev oss heile fem punkt som vi er nøydde til å gå gjennom før vi kan finne på å gå ut med ein gamal sparebankrefleks frå nedst i kommoden.

  1. Ein må sjekke alderen på refleksen, for dei blir visst verre med åra.
  2. Sjå etter CE-merke, viss ikkje kan det vera ein jukserefleks.
  3. Sjekk at refleksen ikkje er ei leike.
  4. Refleksen bør vera i rørsle, difor er refleksar på armar og bein betre enn refleksvestar (som ein dessutan ser veldig dum ut i).
  5. Test om refleksen verkar.

Refleksen til svigermor
Eg, Guri, fekk nyleg låne ei finkåpe frå svigermor. Integrert i kåpelomma fann eg ein refleks. Nå lurer eg på om det er trygt eller farleg å bruke denne refleksen. Det gjer meg faktisk litt nervøs. Best å ta reflekstesten!

Men korleis i all verda skal eg finne ut kor gamal refleksen er? Refleksen har inga datomerking og CE-merke finn eg ikkje. Dessutan er refleksen illustrert med eit smilefjes og eit surt fjes, og kan såleis minne litt om ei leike. Finst det eit opplysingskontor, ein slags soppkontroll for refleksar som kunne kvalitetssikra den?

Meir opplysande informasjon finn du på Innsida av Dag og Tid 10. november 2016.