Heime mellom istidene (kr 225)

Kva vil det seia å kjenne seg heime?
I denne diktsamlinga undersøker Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til heimplassen, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende. I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å laga seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.

Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen.

Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.

Kjøp Heime mellom istidene på tilbod til kr 225,- (+ porto). Forfattaren signerer boka.
Send e-post med bestilling til: guri@guriheim.no

Presseoppslag:
Intervju i Dagsavisen 27.04.16
Intervju i Adresseavisen 27.04.16
Diktafon NRK P2 30.04.16
Intervju i Framtida 03.05.16
Intervju i Vigga 10.05.16
Intervju i GD 16.06.16
Maddam, Karen Golmen 13.05.15
Tones bokmerker 22.05.16

Sagt om boka:
Det er blitt ein tankevekkjande lyrisk debut om eit liv. Botheim har mot til å seie noko anna. Ho
skriv innanfrå, er personleg og ærleg, upretensiøs og kjenslevar. Det neddempa språket, berre avbrote av gjennomsiktige metaforar, gjev inntrykk av alvor. At ho så ope verdset forfedrane og tradisjonen, naturen og heimstaden, gjev henne ein sjølvstendig og motstraums posisjon i dagens samtidslyrikk.
Tore Elias Hoel i Dag og Tid 03.06.16

Den boka er så sjukt relatable
Karen Golmen på bloggen Maddam 13.05.16

ei av dei finaste diktsamlingane som er skrive i Noreg dei siste 10 åra. Dikta i Heime mellom istidene (2016) prøver å formidle kva ein heim er. I byen knyter heimekjensla seg til inneromma, medan i ei fjellbygd er det uterommet som gir heimekjensle. Minne ligg lagra i terrenget og det er godt å vera i det same landskapet som slekta før har brukt og budd i.
Espen Tørset i Norsk Tidend nr. 3, juni 2023