Heimelaga – lyrikk, musikk og grafikk ved Botheim og The Brørs

Guri og Sigurd opptrer i lag på Noregs Mållag sitt haustseminar i Trondheim 22. september.

Programmet finn du her: Fullt program.

Guri og Sigurd er sambuarar. Dei arbeider innan ulike sjangrar, men på mållagets seminar opptrer dei i lag – for kanskje finst det nokre liner mellom prosjekta deira? Velkomen til ein kveld med heimelaga lyrikk, musikk og videografikk!

Guri Sørumgård Botheim gav i fjor ut diktsamlinga Heime mellom istidene, ei undersøking av kva det vil seia å kjenne seg heime. Bokmeldar Tore Elias Hoel kalla boka for personleg heimstaddikt og meinte at Botheim skriv «innanfrå, er personleg, ærleg, upretensiøs og kjenslevar». Dikta er skrive på lesjadialekt og nynorsk.

Dag og Tid-lesarar kjenner Guri som fast skribent av humorspalta «Innsida» i lag med systera Sigrid. Systrene debuterte som forfattarar med romanen Ramstein pensionat i 2009. Guri arbeider til vanleg som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.

Sigurd Brørs er musikar, låtskrivar og mulitimedia designar. I einmannsbandet The Brørs gjer han det meste sjølv. I 2016 publiserte han 13 poplåtar, alle med video, på nettsida www.broers.no. Tekstane er vekselvis på engelsk og surnadalsdialekt og skildrar alt frå små frustrasjonar til store spørsmål. Etter at The Brørs spela under Vårsøghelga tidlegare i år, skreiv Tidens Krav: «Med utrolig gode tekster og ditto musikk, var publikum langt på veg i ekstase fra første låt.»

Sigurd var tidlegare låtskrivar i bandet Karl Barx. Han har òg ein tidlegare karriere som skiløpar. Sigurd arbeider til dagleg i Headspin Advertising.