Heimlaus i Halmstad

Etter at Sigrid gjekk høgt ut i den førre Innsida i Dag og Tid og skrytte av det lave klimagassutsleppet sitt, følte ho eit ansvar for å følgje opp det gode resultatet. Så da ho skulle på seminar i København førre helg, var ei togreise kjøpt frå Svenska Järnvägen det einaste reisealternativet. Her fortel Sigrid om korleis det gjekk.

Turen ned gjekk ganske bra, vi vart berre eit par timar forseinka. Returen var meir utfordrande. Fyrst gløymde eg att veska mi på eit tog til Kastrup, men oppdaga heldigvis feilen i siste sekund. Så var det berre å slappe av eit par timar med neste tog, som skulle gå over Øresundsbrua og til Halmstad. Der måtte eg vente frå klokka 00.46 til 04.51 på neste tog.

Svenska Järnvägen, som eg hadde kjøpt reisa frå, syntest det var heilt greitt at eg skulle vente utandørs midt på natta i fire timar, for venterommet på stasjonen var stengt. Eg var kald og nøydd på do, og eg gjekk på det næraste hotellet og spurde om eg kunne få lov til å vente litt i foajeen. «Nei, tyvärr», sa den sure dama i resepsjonen. Så da begynte eg på ei ørkeslaus vandring rundt i Halmstads gater. Sentrum var heilt daudt. Ingen utestader var opne, ingen kyrkjer var opne. Eg vurderte på eit tidspunkt å varme meg i eit parkeringshus, men kom fram til at det var for nedverdigande. Da klokka var blitt tre var eg så kald at det begynte å bli vanskeleg å skrive på mobilen. Frå nå av gjaldt det berre å overleva.

Til mi store lykke fekk eg auga på eit Scandic-hotell som såg ljost og gjestmildt ut. Mannen i resepsjonen slapp meg inn, viste meg kvar toaletta var og gav meg pålogging til internettet. Det var som å koma til himmelrik.

Resten av turen gjekk fint. Ein times venting i Gøteborg var berre som kos å rekne. Rett etter norskegrensa kom Tollvesenet og kontrollerete pass og utførte strenge avhøyr av alle passasjerar. Eg gav dei eit lite foredrag om teiknets materalitet i nyare dansk litteratur, da gjekk dei fort vidare til neste person.

Da eg var framme i Oslo 13 timar etter avreise, følte eg verkeleg at eg hadde gjort mitt for klimasaka.

Du les meir om store og små reiser i Innsida i Dag og Tid 22. september 2016.

Leave a Comment