Klimarekneskapen

Vi har fylt ut klimakalulatoren til Sigrid og til Åge Aleksandersen (med påhalden penn). Sjekk resultata her! 

I den nye fjernsynsserien Live redder verden. Litt. skal Live Nelvik redusere CO2-avtrykket sitt. Serien startar med at ho tek NRK sin klimakalkulator for å finne ut kor mykje CO2 ho slepper ut i løpet av eitt år. Ein gjennomsnittleg nordmann slepper ut 11,5 tonn CO2, medan ein vanleg verdsborgar slepper ut 6,5 tonn. Live kom ut med eit resultat på om lag 19 tonn, altså ganske ille.

Klimakalkulatoren til Sigrid
Resultat:
5,2 tonn

Klimakalkulatoren2

Analyse: Sigrid kom overraskande godt ut i testen, ho forureinar mindre enn verdsgjennomsnittet. Det gode resultatet kjem truleg av at ho ikkje har teke fly det siste året, at ho ikkje har bil og fordi ho er for fattig til å ha eit høgt forbruk.
Konklusjon: «Jeg er en miljøengel, i alle fall sammenlignet med andre nordmenn. Men det er ingen grunn til å slappe av likevel!»

Klimakalkulatoren til Åge Aleksandersen
Kommentar:
Vi fylte ut klimakalkulatoren med påhalden penn for Åge Aleksandersen. Vi veit ikkje alle detaljar med sikkerheit, men vi går ut frå at Åge har lav sum på klede og vanleg matforbruk.
Resultat:  1197,8 tonn

åGE 2
Analyse:
– Åge leiger eit lydstudio ved Pir II i Trondheim sentrum og har ein del strømutgifter.
– Han har store drivstoffutgifter på turnébuss.
– Samla sett kjem Åge svært dårleg ut fordi han tok med seg 4300 trønderar på flytur til Royal Albert Hall i London.
– Det burde òg vore rekna med kor mykje papir og trykksverte som vart brukt for å hylle og deretter kritisere konserten i Royal Albert Hall.
– TV-produksjonen til NRK får stå på dei NRK-tilsette si eiga kappe.
Konklusjon: «Jeg er et klimasvin. Nå er det på tide å skjerpe seg!»

Du les fleire samfunnsaktuelle saker på Innsida i Dag og Tid 02.09.16