Kva er det eigentleg Teknisk Ukeblad prøver å fortelja oss?

Ville du helst hatt eit gjesteopphald i Teknisk Ukeblad eller i kvinneklubben The Wing i New York?

Er 60 prosent av kvinnene til for pynt? 

Av og til dumpar det ned eit Teknisk Ukeblad i postkassa vår (det kan ha samanheng med at ektemannen (!) min er medlem i Tekna, utan at den medlemskapen har noko særleg større konsekvens enn at akkurat dette litt artige vekebladet dukkar opp.) Eg synest det er litt interessant å bla gjennom det, for det gjev nokre andre perspektiv på livet, ein kan lære noko om korleis folk frå den andre livsskulen tenkjer og kva som er viktig for dei. Det slår meg at forståing på tvers av dei to ulike livsskulane er utfordrande (med dei to livsskulane meiner eg f.eks. ingeniørutdanninga ved Gløshaugen, gamle NTH – kontra dei humanistiske faga ved NTNU avdeling Dragvoll).

Det blir prata om at det er viktig å rekruttere kvinner til teknologiske yrke. Men det er kanskje berre tomt prat? Det eg bit meg merke i i Teknisk Ukeblad denne gongen er noko så banalt (og kanskje uinteressant) som kjønnsbalansen.

Kvinner er flinke til å støvsuge.

Kvinner er flinke til å støvsuge.

I utgåva datert 28. august 2018 er det bilde av grovt rekna 183 menn og 45 kvinner, noko som gjev ein kvinnedel på 20 prosent. Det kan nemnast at 27 av dei 45 avbilda kvinnene inngår i reklamefoto (altså heile 60 prosent), og at 18 av desse kvinnene ikkje er ekte, men digitale montasjar. 8 av dei digitale kvinnene gjer husarbeid (dei støvsyg med ein ledningslaus Dyson støvsugar). Ingen mann avbilda i bladet (korkje ekte eller digitale) gjer husarbeid.

Kva er det eigentleg Teknisk Ukeblad prøver å fortelja oss?

Kvinne er kvinne best eller verst?

Same dag som Teknisk Ukeblad nådde heimen vår, kom òg Dagens Næringsliv på døra. Til samanlikning er det avbilda 43 kvinner og 47 menn i magasinet D2. Her står det blant anna ei interessant reportasje om ulike kvinnenettverk og arenaer der berre kvinner har tilgang, blant anna SuperShe Island, ei privat øy berre for kvinner i den finske skjergarden. Her møtest kvinner for å eta lokalprodusert steinaldermat, få massasje, drive med kajakkpadling, få kransar av blåbærlyng i håret, gå i sauna og prate med kvarandre. Det høyrest jo unekteleg heilt fantastisk ut.

Og er det ikkje da forferdeleg typisk at ei norsk næringslivskvinne skal uttale seg skeptisk mot dette? «Jeg ler så jeg gråter av disse dustete greiene, sier Anne-Kari Bratten (54), administrerende direktør i arbeidsgiverforeningen Spekter. (…) Jeg ville kjedet meg i hjel med å drikke cava med andre kvinner i en uke» (kjelde: D2). Ho om det!

Av: Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim.

Les meir om livets store og små dilemma i Innsida i Dag og Tid 07.08.18