Om Guri

Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta i 2021 til Dombås, nær heimplassen, etter mange år i Trondheim. Ho debuterte som forfattar med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid. 

Ramstein pensionat er ein original og leikande roman om heilt særeigne, men akk så normale menneske. Her møter vi Sigurd Sørheim som spionerer på storesyster Debbey. Når Debbey ein dag arvar eit gamalt pensjonat, dukkar det opp både løyndommar og mannlege beundrarar. Ramstein pensionat handlar om einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg.

I 2011 gav Sigrid og Guri ut boka Søsken i lag med søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Ei rekkje bidragsytarar undersøkjer søskenskapet med varme og humor – og frå ulike perspektiv. Søsken er ei vakker gåvebok, designa av Øystein Vidnes og med foto av Benedikte Skarvik.

Diktsamlinga Heime mellom istidene (Samlaget 2016) er ei undersøking av kva det vil seia å kjenne seg heime. Boka handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.

Romanen Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober) vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva?

I 2013 var Guri festspeldiktar på Dei nynorske festspela i lag med Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen. Systrene Sørumgård Botheim var faste humorskribentar for «Innsida» i vekeavisa Dag og Tid i nesten ti år. I 2016 mottok Guri Diktardagarprisen.

Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.

Bøker

2023:    Høgfjellsmeldinga. Roman, Forlaget Oktober

2016:    Heime mellom istidene. Dikt, Samlaget

2011:    Søsken. Antologi, Samlaget, red. Kjersti og Ingrid Rognes Solbu og Sigrid og Guri Sørumgård Botheim

2009:    Ramstein pensionat. Roman, Samlaget, saman med Sigrid Sørumgård Botheim

 

Tekstar

2023: «Villreinen har gjeve oss livet». Innlegg i avisa GD.
«Ein prislapp på villreinen?». Kronikk i Adresseavisen.

2021: «Ola-karane. Fjelliv og vennskap». Bidrag i boka Fiskekrønike for Lesja. Per Jordhøy (red.), Snøhetta forlag.

2020: «Kva er neste steg?» Eit dikt for ungdom bestilt til Nynorsk kultursentrums julekalender.

«To månader, tre generasjonar». Dikt og lydfil bestilt av Nynorsk kultursentrum som ein del av prosjektet 2 meter i samband med koronakrisa. 
«Innlandet er ein oppoverbakke. Ei samtale om forhold og landskap». Tekst bestilt av Innlandet fylkesbibliotek. I lag med Sigrid Sørumgård Botheim.

2019: Festtala «Fjellengt» under Diktardagar i Lom.

2010–2019: Fast humorskribent for «Innsida» i Dag og Tid, i lag med Sigrid Sørumgård Botheim.

2011–2015: Bidrag i Jul i Trøndelag, Trønderlaget.

2014–2015: Bidrag i tidsskriftet Røyst.

2013: «Å bu i språket». Intervju med Suzanne Bordemann og Arild Vange i boka Det fleirspråklege Noreg, Skald forlag.

2012: «Kornsiloen». Dikt i Gatemagasinet Sorgenfri, september-nummeret.

«Balladen om Ola Borten Moe» i tidsskriftet Utflukt nr. 1-2 2012.
I lag med S.S.B.

2010: «Innsideinformasjon» i Kuiper en roman. I lag med S.S.B.

2008: «Å bli til. Om Gunnar Wærness’ Hverandres» i Au Petit Garage.

2003–2008: Ei rekkje tekstar på trykk i tidsskrifta Riss og Ratatosk.

2005: Hovudfagsavhandling: Takk til Gunnar Wærness. Ein analyse av tilverkingsprosessen til diktsamlinga Takk (2002) av Gunnar Wærness.

 

Arbeid

2021–d.d.:   Rådgjevar for Norsk Forfattersentrum

2009–2021: Avdelingsleiar Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

2007–d.d.:    Frilansar og forfattar

2008–2009: Bokhandelmedarbeidar Øksendal Libris

2006–2007: Lesja kommune: Fungerande kulturkonsulent

2006 og 2007: NTNU: Timelærar

 

Utdanning

1999–2005: NTNU: Hovudfag i allmenn litteraturvitskap

1998–1999: Høgskulen i Telemark: Forfattarstudiet i Bø

1997–1998:  Nansenskolen:  Skrivekunstlinja

 

Verv

2023–d.d.: Vara i styret for Bevar villreinen i Rondane

2013–2021: Medlem i styret for Litteraturhuset i Trondheim

2013–2016: Medlem i vurderingsutvalet for fylkeskunstnarordninga i Sør-Trøndelag

2012–2014: Medlem i utstillingsgruppa, Olav H. Hauge-senteret

2014: Tilsettes representant i juryen for utdelinga av Norsk Forfattersentrums poesi- og formidlingspris Wergelands åre

2012–2013: Tilsettes representant i styret i Norsk Forfattersentrum

2010–2011: Medlem i kunstnarisk råd for Bjørnsonfestivalen

2005–2011: Redaktør i litteraturtidsskriftet Ratatosk