Opp ned, bak fram

Det er lett å tru at etablerte sanningar faktisk er sanne. Men nokre gonger kan det vera lurt å sjå ting opp ned for å utfordre sine eigne syn. I Innsida i Dag og Tid kan du lesa gode eksempel på dette. Kva skjer om bordbrikka og isskrapa byter plass? Visste du at det finst ein opp-ned-hybel i Førde?

Funksjonell omskifting
Sambuaren til Guri er svært oppteken av funksjonalitet. Her ein dag forlangte han å få bruke den eine bordbrikka hennar til å skrape is av bilen. Guri svara nei, men han tok ho lell. Den ekte isskrapa har deretter hamna på bordet vårt med ein Mummi-kopp oppå seg. «Når ein fyrst har prøvd dette funksjonelle bytet, så er det ingen veg attende», påstår sambuaren. Etter å ha erfart effektane av bytet, innrømmer Guri at han har rett.

Opp-ned-hus
Tysklands nye ferieattraksjon, Toppels Haus, er eit opp ned hus der du kan ta heilt spektakulære bilde. Heile huset er snudd på hovudet, men du går vanleg veg. Så når du snur bilda du tek, ser det ut som det er du som er opp ned, og ikkje huset. Det mest populære er å ta bilde av at ein står på hendene når ein går på do.

Sigrid har laga ein liknande attraksjon på hybelen sin i Førde. Noko må jo regionen trass alt leva av etter at dei skal leggje heile fjorden daud. Men ho er usikker på kvar ho kan få tak i sterkt nok lim. Og vil sunnfjordingane kjenne visittida si?

Bilde 30.01.2017, 22.35.49

Sigrid «står på hendene» på doen i opp-ned-huset i Førde.

Du les fleire opp-ned-saker i Innsida i Dag og Tid 2. februar 2017.

Leave a Comment