Sommartid = ryddetid

Korleis greier alle andre å halde det ryddig, medan det alltid er rotete heime hjå deg sjølv? Det er kanskje eitt av mange spørsmål du har stilt deg i ferien. Fortvil ikkje, her er eit fyrstehjelpsskrin.

Sigrid og Guri sine åtte råd for den perfekte heimen

  1. Ha alltid eit tomt område (f.eks. i eit skap) som kan fyllast inn i samband med panikkrydding ved uventa besøk.
  2. Om ein skal ha besøk, vask golvet dagen før slik at det ikkje lenger luktar nyvaska. Om det luktar grønsåpe, vil gjestane forstå at du har vaska golvet fordi dei skulle koma. Da verkar det som at du ikkje har full kontroll til vanleg.
  3. Ha liggjande ein klut ved sofaen, slik at du kan tørke litt støv når du sit der.
  4. Utstyr deg med ein «låkpåså» (sjå illustrasjon). I denne lagrar du ting som du ikkje veit kva du skal gjera med.
  5. La støvsugarseljaren støvsuge golvet før du seier at du ikkje er interessert (eit godt tips testa ut av tanta vår i Valdres).
  6. Når den keisame støvsugarseljaren spør om tips til ein venn han kan reise på besøk til etterpå, gjev du han adressa til din verste fiende (eit godt tips testa ut av tanta vår i Trondheim).
  7. Bruk eddik som skyllemiddel i vaskemaskinen (billig og effektivt).
  8. Skaff deg ein mann som liker husarbeid (billig og effektivt).

Les meir i Dag og Tid #Innsida 08.07.16

Leave a Comment