Stjernemus

Vi lurer litt på all denne entusiasmen, alt gnafset om å finne liv på andre planetar. Kva er det eigentleg folk ser for seg?

Ein ny Noas ark

Da vitskapsfestivalen Starmus vart arrangert i Trondheim regna det heile veka. Starmus (norsk: stjernemus) er ein festival der folk flyg inn frå heile verda for å prate om kva vi skal gjera når vi har forureina så mykje at verda bryt saman. Festivalbilletten kosta 7250 kroner. Stephen Hawking tek til orde for at menneska må evakuere frå jorda og finne seg ein ny planet.

Det er mange ting å tenkje ut når den nye sivilisasjonen skal byggjast ute i verdsrommet. Framover mot avreisedatoen trur vi at planlegginga vil kunne sysselsetja omtrent halvparten av jorda si befolkning. Vi vil peike på nokre sentrale problemstillingar her. Skal det vera lov til å mate måker i parkane på den nye planeten. Nei, meiner vi. Men kan ikkje måkene like godt bli att på jorda. Og kva med resten av med fuglane. Treng vi dei? Mange ting bør forenklast. Vi trur at nynorsk vil gjera det bra som felles skriftspråk, medan den einerådande vekeavisa heiter Dag og Tid. Det er òg eit håp om at skattemeldinga kan få ei meir pedagogisk form.

Om ein verkeleg nærmar seg kjernen i problemet, kunne vi kanskje allereie nå konkludert med at den nye sivilisasjonen har best av at menneska ikkje blir med. Slepp dyra fri. Stjernemus!

Lengta

Vi lurer litt på all denne entusiasmen, alt gnafset om å finne liv på andre planetar. Kva er det folk eigentleg ser for seg? At det på denne andre jordklota skal finnast ein betre elskar og ein meir forståingsfull ektemann? At ein grøn robotmann skal lyse opp livet med god humor (etter at ein har brukt 75 år på å lære seg språket til robotmannen)? Er graset grønare på andre planetar?

StjernemusSlik kan livet på ein ny planet arte seg.

Eit betre alternativ?

I staden for å reise til ein annan planet for å restrukturere og forbetre menneskelivet, kunne ein kanskje teke dette i samband med fylkessamanslåinga?

Av: Sigrid og Guri Sørumgård Botheim
Du les meir om alternative dimensjonar på Innsida i Dag og Tid 29. juli 2017.

Leave a Comment