Stygg genser

«I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til.»
Stygge genserar 1

Er det menneska som skapar kleda eller er det kleda som skapar menneska? Kva føler du på innsida dersom du har ein glorete genser på utsida? I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til. I Førde har det iallfall blitt observert folk med dinosaurgenser av typen Seriousaurus.

Stygge genserar 2

Ein mann med to pinner har blitt verdskjendis. Amerikanaren Sam Barsky strikkar genserar med ulike reisemål, så tek han bilde der han poserer med genserane sine framfor dei aktuelle reisemåla. Spørsmålet vi alle stiller oss nå er: Har Sam Barsky vore i Førde og blitt inspierert av dinosaurgenserane? Og dersom han har vore i Førde – kva motiv har han strikka og posert framfor? Elvetorget eller AMFI? Domus-bygget eller Rutebilstasjonen?

Sam Barsky

 

Garnkunstnaren Sam Barsky besøkjer Stonehenge med ein sjølvlaga Stonhenge-genser. (Skjermskot frå Facebooksida Artistic Knitting of Sam Barsky)

 

 

 

 

 

Du les meir om stygge genserar og andre lidingshistorier på Innsida av Dag og Tid 30. mars 2016.

Sigrid og Guri Sørumgård Botheim.

Leave a Comment