guri

Lesja får sin fyrste klimaflyktning!

Kvar januar spår vi trendande for det neste året. Som regel bruker alt på å slå til i løpet av året. Men om vi går tre år attende i arkivet, ser vi at vi verkeleg var forut for vår tid. 

La oss ta eit tilbakeblikk til 2015, da spådde vi dette: «I 2015 får vi den fyrste bølgja av interne klimaflyktningar i landet vårt. Folk som er råka av regn, flaum, ras, vinterlengt og ekstremvêr må flytte til sikrare område. Kort oppsummert kan vi seia at kysten berre må gå og legge seg, medan innlandet blir in. Særleg får Oppland ein kraftig oppsving.»

Hehe, artig, tenkjer kanskje du. Men det gjer ikkje bonde Arne Manger. NRK Hordaland meldte førre veke at bonden på Radøy har slutta med mjølkeproduksjonen og pakkar sakene. – Eg er sjølverklært klimaflyktning. Det har blitt for uføreseieleg å vere bonde her i Nordhordland, seier Manger til NRK. – Eg er blitt fortalt at om det kjem ei regnbye på Lesja så tar ein seg ein kaffikopp. Når koppen er tom så er det allereie opplett igjen.

Og kvar går flyttelasset? Jo, til Lesja i Oppland. Vi ynskjer Arne Manger velkomen til bygds!

Lesja førebur seg på ei bølgje

Lesja kommune, med sine 2048 innbyggjarar, er kanskje ikkje heilt rusta til å ta seg av ein stor flyktningeboom. Men strategien med å hjelpe folk der dei er, er heller ikkje så enkel. Det vil vera over Lesja kommune sitt mandat å skulle hindre konsekvensane av klimeendringane på heile Vestlandet.

Det er nok ein betre idé å prøve og sko seg på at kysten er ille ute. I ei bygd der dei fleste funksjonar er nedleggingstrua, er det nok ikkje så dumt med litt påfyll av folk. Det som er dumt, er at det berre er fire bustadar til sals på Lesja for tida. Her må kommunen ta grep snarast.

Av: Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim
Les meir på Innsida i Dag og Tid 4. mai 2018.

Falske nyheiter

Den siste tida har det vorte populært med såkalla falske nyheiter. Det er praktisk å berre finne på sine eigne saker om ein ikkje er fornøgd med sanninga. Men vi synest nivået på dei falske nyheitene er litt lavt. Kvifor laga keisame saker når ein kan finne på kva som helst? (meir…)

Opp ned, bak fram

Det er lett å tru at etablerte sanningar faktisk er sanne. Men nokre gonger kan det vera lurt å sjå ting opp ned for å utfordre sine eigne syn. I Innsida i Dag og Tid kan du lesa gode eksempel på dette. Kva skjer om bordbrikka og isskrapa byter plass? Visste du at det finst ein opp-ned-hybel i Førde? (meir…)

Fantasiboka

Da eg kom heim frå sjukehuset etter å ha fått ei dotter, låg den heilt nye Fantasiboka i postkassa mi. Det passa bra, for i Fantasiboka har eg skrive min aller fyrste barneboktekst. (meir…)