guri

Falske nyheiter

Den siste tida har det vorte populært med såkalla falske nyheiter. Det er praktisk å berre finne på sine eigne saker om ein ikkje er fornøgd med sanninga. Men vi synest nivået på dei falske nyheitene er litt lavt. Kvifor laga keisame saker når ein kan finne på kva som helst? (meir…)

Opp ned, bak fram

Det er lett å tru at etablerte sanningar faktisk er sanne. Men nokre gonger kan det vera lurt å sjå ting opp ned for å utfordre sine eigne syn. I Innsida i Dag og Tid kan du lesa gode eksempel på dette. Kva skjer om bordbrikka og isskrapa byter plass? Visste du at det finst ein opp-ned-hybel i Førde? (meir…)

Fantasiboka

Da eg kom heim frå sjukehuset etter å ha fått ei dotter, låg den heilt nye Fantasiboka i postkassa mi. Det passa bra, for i Fantasiboka har eg skrive min aller fyrste barneboktekst. (meir…)

Heimlaus i Halmstad

Etter at Sigrid gjekk høgt ut i den førre Innsida i Dag og Tid og skrytte av det lave klimagassutsleppet sitt, følte ho eit ansvar for å følgje opp det gode resultatet. Så da ho skulle på seminar i København førre helg, var ei togreise kjøpt frå Svenska Järnvägen det einaste reisealternativet. Her fortel Sigrid om korleis det gjekk. (meir…)

Kveldssetu med Guri Sørumgård Botheim

Søndag 25. september kl. 19.00
Lesja bygdatun, Bellestugu
Gratis inngang

Guri Sørumgård Botheim les og fortel om diktsamlinga Heime mellom istidene. Ho tek gjerne imot spørsmål om boka og skriveprosessen. Etterpå blir det kaffe og lett servering. Sal av bøker.

Velkomen til ein triveleg kveld!

Arrangør: Venneforeininga for Lesja bygdatun, Lesja historielag og Samlaget


Om Heime mellom istidene
I diktsamlinga Heime mellom istidene undersøker Guri kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til Lesja, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende.

I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å lage seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.

Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen. Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.

Om Guri
Guri kjem frå Lesja og bur i ei 1950-talsblokk i Ila i Trondheim. Ho debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv fast humorspalte i Dag og Tid. Guri arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Heime mellom istidene er den fyrste diktsamlinga hennar.

Diktardagarprisen 2016

Det var ei stor overrasking og ei stor ære å motta Diktardagarprisen for 2016! Her er den vesle takketala eg heldt på festkvelden på Diktardagane i Lom laurdag 3. september:

Tusen takk for Diktardagarprisen 2016! Det var ei stor overrasking og ei stor ære for meg.

Eg vart ekstra stolt da eg såg kven som har fått prisen før, Gyrid Axe Øvsteng og Anna Kleiva. Det er stas at vi er ein ny generasjon forfattarar frå Gudbrandsdalen. Eg meiner at vi har eit godt utgangspunkt for kreativ skriving i Nord-Gudbrandsdalen med ein sterk forteljartradisjon, med dialekten vår og eit nynorsk skriftspråk. Det er viktig at vi tek vare på det vi har, slik at vi kan bruke det til å skapa ny kunst og ny litteratur.

Tusen takk til Diktardagane som viser at bygda og lyrikken frå bygda er sprell levande!

Guri Sørumgård Botheim

Her kan du lesa meir om Diktardagarprisen 2016: grunngjeving