Falske nyheiter

Den siste tida har det vorte populært med såkalla falske nyheiter. Det er praktisk å berre finne på sine eigne saker om ein ikkje er fornøgd med sanninga. Men vi synest nivået på dei falske nyheitene er litt lavt. Kvifor laga keisame saker når ein kan finne på kva som helst? Vi har laga nokre eksempel.

Valets kvalar

BrakvalHelgelands blad meldte i går at Steinar Bastesen står på Oktobers haustliste. Forlaget skal gje ut det dei sjølve kallar «den store kvalfangstromanen», og Bastesen har skrive romanen på ein dialektnær nynorsk.

Hovudpersonen er ein fiskar som etter kvart hamnar i lokalpolitikken. Han går med på å vera fyrstekandidat i eit lite fløyparti, og etter eit brakval blir han ordførar utan å heilt vera førebudd på det. Etter tre år i ordførarstolen nærmar det seg ein ny valkamp. Kommunevalet blir òg eit personleg val. Skal han satse alt på politikken, eller trekkje seg attende til kvalfangsten? Brakval er ei lyrisk, intens og vakker forteljing frå eit lokalsamfunn i nord.

 

 

Rugsprø får nytt namn

rug sprø fiksaFleire har reagert på namnet til knekkebrødtypen RugSprø.
– Å kalle nokon for sprø er grovt, det er eit vokabular vi kvitta oss med på 70-talet, seier pressetalsmann i Bipolarforeningen. Wasa tek kritikk og endrar namnet på produktet til RugHarEiPsykiskUtfordring.

 

Trumps nye tryggleiksrådgjevar

Bilde 27.02.2017, 21.38.10Onkelen vår, Sivert, gjorde oss merksam denne nyheita: «Hyggeleg å sjå at Øistein med fargeblyantane får ei sentral rolle i amerikansk sikkerheitspolitikk. Er det eit utslag av at Trump-administrasjonen baserer seg på eit karrikert verdsbilete?»

Du les fleire falske nyheiter i Innsida i Dag og Tid 3. mars 2017.
Sigrid og Guri Sørumgård Botheim

Leave a Comment