Heitt eller keitt 2017

Her er ein smakebit frå årets fyrste Innside i Dag og Tid. Tradisjonen tru fortel vi kva som blir moderne framover. Vi har høyrd om Dag og Tid-lesarar som har vorte heilt avhengige av direksjonane frå Heitt eller keitt-barometeret vårt. Lesarane tør ikkje å ha eigne meiningar før dei har lese spådommane våre. Det forstår vi godt, for vi bruker å spå rett.

I fjor trudde vi at tallerkenar og bestikk kom til å vera heimelaga, at det vart utvikla både ein matsentral og ein treningssentral for å omfordele restemat og overskotsenergi, og vi spådde at mange kom til å begynne å leige inn folk for å gå tur med mobilen slik at det skulle sjå ut som du trena sjølv om du berre låg på sofaen. Alt dette har slått til. Så følg med vidare på kva som blir heitt eller keitt – hot or not.

Framoverlent
Mange starta det nye året med å sjå på statsministerens nyttårstale, noko som kan vera ein god peikepinn på kva retning samfunnet er på veg i. Erna Solberg avslutta tala si med å seia at alle må lene seg litt meir framover. Guri tok til seg det Erna sa, men allereie etter ein dag merka ho ei ekkel smerte i ryggen. Vi lurer på om dette kan vera eit skjult tiltak for å auke sysselsetjinga blant fysioterapeutar og kiropraktorar. Noko må vi jo leva av etter oljen.

Vil du veta meir om kva som blir in og ut i 2017? Det finn du ut i Innsida i Dag og Tid 5. januar 2017.

Leave a Comment