Ola-karane. Fjelliv og vennskap

Fiskekrønike for Lesja er ei gigantisk bok om fisking i Lesja, gjeve ut av Snøhetta forlag 2021. Hovudforfattar og redaktør Per Jordhøy byr på 368 sider, 640 bilde og teikningar, og tekstar frå 13 medforfattarar. Boka er interessant for folk med lokal tilknyting og for alle som er interessert i fisking og fjellhistorie.

Per Jordhøy oppfordra meg til å skrive ei forteljing om Ola-karane – to venner frå Kjøremsgrende som var mykje i fjellet i lag. Eg fekk god hjelp av Ola Jo Botheim, Rolf Sørumgård, Jørn Botheim og Aagot Sørumgård Botheim som fortalde historia om Ola-karane til meg.

Ola Sørumgård (1859–1941) var oldefar min. Ola Rolstad (1864–1954) var gift med Elise, tanta til Sverre J. Botheim, bestefar min. Ola-karane fiska i lag i Mjogsjøen kvar sommar, heilt til dei vart gamle. Familiane deira begynte å bekymre seg for gamlekarane. Men da svara Ola Sørumgård: «Døyr e i fjelle’ så døyr e på post».

Her kan du lesa eit utdrag frå forteljinga om Ola-karane. Resten finn du i Fiskekrønike for Lesja. Boka kan bestillast frå Snøhetta forlag her: lenke

Fjellengt
Det blir fortald om oldefar min, han Ola Sørumgård, at det plutseleg kunne koma ein sterk fjellengt over han. Om det så var midt i slåttonna, kunne kan kaste det han hadde i hendene. «Nei, nå bli det lugumt fiskevêr, e må gjera me en tur innover». Dei var mange på Sørungard til å gjera arbeidet, og ingenting kunne halde han heime. «Marit, e trur du må vera med og niste me ut», sa han. «Kan du gå uppi eldhuset og steikje utu ei nodo åt me?»

Turfølgje
Ola gjekk så til Rolstad, ein kilometer lenger nord i bygda. Han måtte skaffe seg turfølgje for å kunna fiske med garn. Om Ola Rolstad og kona Elise fekk auga på Ola som kom gåande beinvegen nedover til Rolstad, visste dei kva han kom for. På sine eldre dagar gjekk han gjerne med ein trestav i handa. Gammel-Sørungard’n vart han kalla.

Da han kom inn i stugu, var det høgtideleg, og det skulle pratast om andre ting fyrst. Elise serverte kaffe i fine, små koppar på eit lite, rundt bord. Ho diska opp med skrivabrød og rumbrød. Da dei så å seia var ferdige med kaffedrikkinga, kom Ola Sørumgård endeleg til poenget. «I mårgå går e», sa han. Han sa ikkje kvar han skulle, for det var sjølvsagt. Det var til Mjogsjøen. «E fe vera med uppå bue og proviantere, e da», svara Ola Rolstad. Så rusla dei oppover i lag.

Provianten
Vi veit ikkje kva dei kjøpte på bue, men kanskje var det varer som tobakk, kaffe og sirup. Kanskje kjøpte dei eit nysteikt brød. Frå heime fekk dei med seg hardbrød, spekemat, smør og ost. Tre ting var ifølgje Ola Sørumgård viktigare enn alt anna: Pipe, tobakk og fyrstikker.

Ola Rolstad i Mjogsjøen rundt 1935. Bildeutlån: Rolf Sørumgård.
Ola Sørumgård i Mjogsjøen. Rundt 1935. Bildeutlån: Rolf Sørumgård.

Gåturen frå Kjøremsgrende til Mjogsjøen var om lag to mil. På vegen innover gjekk dei gjerne innom Håkåstadsetre i Svartdalen for å kvile og prate med budeia Marit, som var brordotter til Ola. Etter at dei vart gamle, overnatta dei der på tur innover. Der fekk dei ordna seg med surmjølk til turen. Middagsmaten til fjells var helst fiskesuppe og kokt fisk. Dei åt dei minste fiskane dei fekk, dei store skulle vera med heim att.

Datidas ferie
Fisking var matauk, og fangsten kom godt med heime. Men det var ikkje noko dei måtte gjera. Ola-karane hadde ein sterk lengt etter fjellet, dei fiska fordi dei likte det. Å gå til fjells var deira form for ferie, det var ei friheit, dei kom seg bort frå det daglege arbeidet. På Sørungard var dei ein stor familie, og det var sikkert godt med ein pause. I fjellet styrte karane seg sjølve, og kanskje var reglane litt annleis enn i bygda, for her var det ingen kvinnfolk som passa på.

Meir om Ola-karane finn du i Fiskekrønike for Lesja.