tiltaksplaner

Ny politikk for villrein: Kan skjønnlitteratur påverke?

Kan fiksjon bli til fakta?

Regjeringa ber om forslag til politikk for å betre tilstanden til villreinen i Noreg. Statsforvaltaren i Trøndelag samlar inn forslag til konkrete tiltak. Ragna Svae frå romanen Høgfjellsmeldinga har sendt inn forslaga sine både til regjeringa og statsforvaltaren. Kanskje nokre av Ragna sine tiltak kan gå i oppfylling? Som forfattar har eit ørlite håp om det!

Her er kopi av brevet:

Til regjeringa

Regjeringa ber om forslag til politikk for å betre tilstanden til villreinen i Noreg. Her følgjer fem forslag til tiltak for å ta vare på villreinen og høgfjellsnaturen. Tiltaka er formulert av romankarakteren Ragna Svae (publisert i romanen «Høgfjellsmeldinga», av Guri Sørumgård Botheim, Forlaget Oktober 2023, s. 329–330). Dovrefjell blir brukt som eksempel.

Tiltak:
1 | Krig og destabilitet i samfunnet er ein vesentleg miljøtrussel og kan få uana konsekvensar for naturen og dyrelivet. Styrka beredskap må frå dags dato definerast som eit tiltak for å ta vare på høgfjellsnaturen og annan sårbar natur. Samtidig må vi erkjenne at det å ta vare på fjellet og kunnskapen om skånsam hausting er sentralt for vår eiga matsikkerheit. Å revitalisere det norske småskala-landbruket er nødvendig for å ta vare på artsmangfaldet, hindre attgroing og sikre rein mat og natur.

2 | For å hindre utrydding av villreinen og andre artar må alle typar arealinngrep og arealendringar i fjellet opphøyre. Villreinområda må utvidast gjennom naturrestaurerande tiltak. Alle høgspentliner i villreinområde må fjernast på grunn av barriereeffekten dei har på reinen. For å reetablere villreintrekka mellom Dovrefjell–Knutshø og Dovrefjell–Rondane må ein enten fjerne E6 og jarnbane over Dovrefjell, eller så må det på utvalde strekningar byggjast ein miljøtunnel over infrastrukturen, eit torvtak som på sikt kan opne opp att trekkrutene til villreinen. Dette vil gjeva villreinen ein større aksjonsradius i kritiske omstende og styrkje overlevingsevna til villreinen i desse områda.

3 | Ljos- og støyforureining sjenerer både villreinen, anna dyreliv og menneska. Framleis er Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, saman med dei andre nasjonalparkane, område med lite ljosforureining. Lovverket må strammast til og praktiserast for å hegne om dette. Det er unødvendig å ha ljoskjelder som lyser heile natta på fjellet. Støy er problematisk i ein nasjonalpark, med konsekvensar det foreløpig ikkje er forska på. Fjellovergangar må nattestengjast. All type flytrafikk, sivil og militær, er uakseptabel over nasjonalparkar.

4 | Klimaendringane og utryddinga av artar strammar til alvoret. Varmare klima endrar vegetasjonen i fjellet, stressar dyrelivet og gjer det mindre motstandsdyktig. Staten må ta i bruk meir vidfemnande tiltak for å nå klimamåla. Norsk oljeutvinning må omgåande stoppast, og all flytrafikk må stengast ned fram til flyflåten er elektrifisert.

5 | For å redusere ferdselen i høgfjellsområda må det innførast strengare besøksreglar. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark blir stengt for alle andre enn innbyggjarane i kommunane rundt nasjonalparken (Oppdal, Folldal, Dovre, Lesja, Nesset og Sunndal). Folk som ynskjer å besøkje nasjonalparken, kan flytta til ein av kommunane, dette er god distriktspolitikk i praksis. Nasjonalparkane skal ikkje vera turistdestinasjonar. Sanering av turisthytter og merkte ruter er nødvendig. Turistforeininga si hytte på Snøheim skal rivast eller flyttast, og Snøheimvegen skal fjernast.

Som forfattar vil eg leggje til ein kommentar
Det som ser ut til å mangle, er ikkje kunnskap og evne til å gjera noko, men vilje. Det er behov for ei gjennomgripande haldningsendring hjå politikarar på alle nivå. Det er behov for å reetablere ein grunnleggjande respekt for naturen.

Ofte blir samfunnsøkonomi sett opp som ein motpol mot å ta vare på naturen og villreinen. Dette er ei feilslutning. Om ein tek vare på villreinen, tek ein òg vare på høgfjellsnaturen, og å ta vare på naturen vil – i eit langt perspektiv – utan tvil vera det (også samfunnsøkonomisk) riktige for menneskearten. Kor mykje det vil «koste» å ta vare på villreinen, er eigentleg irrelevant. Det vil uansett koste meir å miste han.

Vi menneske kom til landet i lag med villreinen, vi har ei samanvevd historie. Ragna Svae, hovudpersonen i romanen Høgfjellsmeldinga formulerer det slik:
«Villreinen har gjeve oss livet. Mistar vi villreinen, mistar vi oss sjølve. Døyr villreinen, er vi ikkje livet verdig.»

Eg håpar stortingsmeldinga vil føre til reelle politiske endringar.

Guri Sørumgård Botheim
Forfattar

– – –
Alle innsendte forslag:
Alle innsendte forslag til stortingsmeldinga finn du her (skroll heilt ned)
Alle innsendte forslag til statsforvaltaren i Trøndelag – Snøhetta villreinområde: her