Høgfjellsmeldinga

Romanen Høgfjellsmeldinga kjem 17. mars 2023. Romanen kan kjøpast frå Forlaget Oktober, Haugenbok eller ein bokhandel.

Hjerkinn er den siste plassen eg har lyst til å bu, slår Lars fast og skrur på vifta over komfyren.
                Hjerkinn er ein slik plass der alt uvesentleg blir viska ut, seier Ragna. Dei grunnleggjande livsvilkåra kjem til syne.
                Hæ? Lars vender seg halvt rundt og ser spørjande på ho, handa hans fortset å røre i fløytesausen.
                Du kan vel koma oppover til meg i helgene? seier Ragna. Du treng jo ikkje bu der.

Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp. Kven er det som truar ho og kva ligg bak?

Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og sterke meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.