turistforeninga

Stortingsmelding om villrein

Har du ennå ikkje lese Stortingsmelding 18 Ein forbetra tilstand for villrein? Reiny oppsummerer for deg!
LITT STRENGARE

Det er positivt med oppmerksomheita ei stortingsmelding gjev, og fint at meldinga har eit grundig kapittel om historia til villreinen. Sentrale utfordringar for villreinen er nedbygging og oppstykking av areala, og menneskeleg ferdsel. Stortingsmeldinga tek til orde for ei meir restriktiv haldning i saker som påverkar villreinen negativt. Blant anna blir det presentert eit viktig forslag om å greie ut moglegheita for å innføre ferdselsrestriksjonar ved behov.

ETTERKOMMARANE FÅR ANSVARET

Målet til regjeringa er å:

  • å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030
  • å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050
  • å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100

Dessverre er verkemidla og tiltaka i kapittel 8 neppe sterke nok til at desse måla kjem til å bli nådd. Det er fint med langsiktig tenking, men dess mindre ein gjer i starten av perioden, dess vanskelegare blir det å nå måla. Ansvaret blir i for stor grad overlate til tiltaksplanane for kvart enkelt villreinområde. Og til barna, barnebarna og oldebarna våre, som blir nøydd til å ordne opp.

SET IKKJE NED FOTEN

Stortingsmeldinga peiker på utbyggingar som ein stor trussel for villreinen. Likevel set ikkje stortingsmeldinga ned foten: «Ein høg terskel utelukkar ikkje at inngrep kan tillatast dersom tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det» (s. 96).

Med andre ord: Raske pengar er stadig viktigare enn villreinen.

Det blir heile vegen brukt ord og vendingar som å «vidareføre», «bør gjennomgåast» og «auka tilrettelegging», det er mange oppfordringar og mykje snakk om rettleiing, her er ingen forbod eller absolutte grenser for kva som er greitt å foreta seg.

FRILUFTSORGANISASJONAR MED SPESIELL AVTALE

DNT har all grunn til å sprette sjampanjen. «Regjeringa ønskjer å bruke minst mogleg inngripande verkemiddel for å kanalisere ferdselen» (s. 101). Stortingsmeldinga har stor tru på tilrettelegging av ferdsel: «Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at så mange som mogleg bruker norsk natur til friluftsliv, jakt, fiske, sanking og anna rekreasjon. Det blir derfor ikkje sett i verk generelle tiltak for direkte å redusere ferdsel til fots i villreinområda, men det skal vere auka tilrettelegging av meir villreinvennleg ferdsel» (s. 101).

Det blir òg vist til ei avtale: «Klima- og miljødepartementet har som ein del av meldingsarbeidet inngått eit samarbeid med sentrale friluftsorganisasjonar, mellom anna for å minimere kostnadene for organisasjonane» (s.108). Det står ikkje noko om kva slags avtale dette er og kven det involverer.

OPPSUMMERT

Alt i alt kan stortingsmeldinga oppsummerast slik:
«Jaja, vi får prøve å bli litt strengare da, men vi fortset nå eigentleg berre som før.»