Høgfjellsmeldinga – nå som lydbok

Systrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim er aktuelle med eit nytt samarbeid. Sigrid har nemleg lese inn lydbokversjonen av romanen til Guri, Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober 2023). Systrene har mange samarbeid bak seg. I 2009 gav dei ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til Dag og Tid. Dei er òg kjente for performanceliknande opplesingar.

Måtte vera rett dialekt
Handlinga i Høgfjellsmeldinga er lagt til Hjerkinn på Dovrefjell. Hovudpersonen, Ragna, kjem frå Kjøremsgrende i Lesja. Det er mykje dialog i romanen, og Sigrid les replikkane til Ragna på dialekt. Resten av teksten blir lesen på nynorsk, med Lesja-dialekta lurande i tonefallet.

– Eg er utruleg glad for at Sigrid ville lesa inn lydboka, seier Guri. Det var viktig å bruke nokon med rett dialekt. Stadnamna lesast med lokal uttale! Sigrid var den beste til å gjera dette, også fordi ho skjønner boka utruleg godt og kan få fram dei ulike nyansane: det poetiske, det spennande, det indignerte, det satiriske og ikkje minst det humoristiske.

Lærerikt og veldig gøy
Sigrid las inn Høgfjellsmeldinga hjå Leirbålet lydproduksjon med lydteknikaren Roald Madland. Det tok 25 arbeidstimar å lesa inn den 8 timar lange lydboka. Sigrid har erfaring frå NRK radio, ho er utdanna musikar og litteraturvitar og arbeider til vanleg i Språkrådet. Dette var den fyrste lydbokinnlesinga hennar.

– Det er jo alltid litt skummelt å gjera ting ein ikkje har gjort før! Men Roald var veldig roleg og proff, så eg følte meg godt ivareteke frå start. Å lesa inn lydboka var intenst, lærerikt og veldig gøy.

– Kva var mest utfordrande med innlesinga?
– Det er mange karakterar i Høgfjellsmeldinga, og det var utfordrande å veksle mellom alle desse. Sjølv om eg ikkje varierer så mykje i stemmebruken mellom dei ulike karakterane, måtte eg ha ein idé inni meg om korleis dei ulike personane pratar og oppfører seg. Eg måtte føle dei inni meg. Det var òg utfordrande å lesa med god variasjon, både i tempo og i ulike stiluttrykk. Samtidig synest eg det var viktig å ikkje overdrive eller å gjera narr av karakterane.

Personalseminar og kontorhumor
– Har du endra syn på noko i romanen etter å ha lese heile høgt?
– Eg har fått opp augo for August. Tidlegare har eg tenkt at han har ei viktig birolle som sjef for Ragna og leiar av Villreinsenteret. Men personen August er også interessant. Han har spontane reaksjonar og eit språk det er godt å lesa høgt. Eg likar måten han brukar natur- og blomstermetaforar for å skildre ting og personar. Og så er han ein veldig god sjef for Ragna. Eg likar også Tundra, ho er ein av dei som gjev Ragna ein del motstand utan å vera ein fiende. Det er bra å ha ein jurist på laget!

– Det var også fleire kontorscener som eg og Roald måtte humre av i løpet av innlesinga. Det er mykje humoristisk jobbprat som det er lett å kjenne seg att i! Kven har vel ikkje vore på personalseminar for å diskutere visjonar og mål?

Meir om Høgfjellsmeldinga: her

Sigrid Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og bur i Oslo. Ho er utdanna klassisk pianist, litteraturvitar og journalist og arbeider til dagleg som seniorrådgjevar i Norsk språkråd. Som barn spela Sigrid og systera Guri firehendig piano i lag, og har sidan hatt ei rekkje samarbeid. I 2009 gav Sigrid og Guri ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til avisa Dag og Tid. Dei er kjente for performanceliknande framføringar. I 2013 var systrene festspeldiktarar ved Dei nynorske festspela saman med Lars Petter Sveen.

Bokomslag: Sigurd Brørs