Vi lurer litt på all denne entusiasmen, alt gnafset om å finne liv på andre planetar. Kva er det eigentleg folk ser for seg? (meir…)
botheim
Stygg genser
«I januar spådde vi at stygge genserar kom til å bli moderne i år. Allereie i mars kan det sjå ut som at tipset har slått til.» (meir…)
Klimarekneskapen
Vi har fylt ut klimakalulatoren til Sigrid og til Åge Aleksandersen (med påhalden penn). Sjekk resultata her! (meir…)
Bixit etter Brexit
Har Bixit fått ein real opptur etter Brexit?
Kjeksen Bixit har vore anonym i mange år. Men nå dukkar plutseleg Bixit opp overalt. (meir…)
Sommartid = ryddetid
Korleis greier alle andre å halde det ryddig, medan det alltid er rotete heime hjå deg sjølv? Det er kanskje eitt av mange spørsmål du har stilt deg i ferien. Fortvil ikkje, her er eit fyrstehjelpsskrin.
Heime mellom istidene – kr 150
Kva vil det seia å kjenne seg heime?
I denne diktsamlinga undersøker Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til heimplassen, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende. I ei leilegheit i Trondheim prøver ho å laga seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei rastlausheit forstyrrar.
Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen.
Diktsamlinga handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt.
Kjøp Heime mellom istidene på tilbod til kr 150,- (+ porto)
Send e-post med bestilling til: guri@guriheim.no
Presseoppslag:
Intervju i Dagsavisen 27.04.16
Intervju i Adresseavisen 27.04.16
Diktafon NRK P2 30.04.16
Intervju i Framtida 03.05.16
Intervju i Vigga 10.05.16
Intervju i GD 16.06.16 (betalingsmur)
Maddam, Karen Golmen 13.05.15
Tones bokmerker 22.05.16
Sagt om boka:
Det er blitt ein tankevekkjande lyrisk debut om eit liv. Botheim har mot til å seie noko anna. Ho
skriv innanfrå, er personleg og ærleg, upretensiøs og kjenslevar. Det neddempa språket, berre avbrote av gjennomsiktige metaforar, gjev inntrykk av alvor. At ho så ope verdset forfedrane og tradisjonen, naturen og heimstaden, gjev henne ein sjølvstendig og motstraums posisjon i dagens samtidslyrikk.
Tore Elias Hoel i Dag og Tid 03.06.16
Den boka er så sjukt relatable
Karen Golmen på bloggen Maddam 13.05.16