tamrein

Ein prislapp på villreinen?

Villreinen kan gjeva oss nyttige perspektiv. Arten peiker ut nokre av dei største menneskeskapte problema i tida vår.

Kronikk av Guri Sørumgård Botheim, publisert i Adresseavisen.
Heile kronikken les du her: Adresseavisen 20.12.23

Villreinen dannar bakteppe for handlinga i romanen min, Høgfjellsmeldinga. Undervegs i skriveprosessen gjekk det opp for meg at mange har mindre kunnskap om villreinen enn eg trudde.

Kvifor er arten så viktig for oss? Om det ikkje hadde vore for villreinen, er det lite sannsynleg at eg hadde vore til og kanskje hadde heller ikkje du som les dette vore til. Da istida tok slutt, følgde vi etter villreinen. Reinen var ein stor del av kosthaldet, livsgrunnlaget og kulturen til forfedrene våre. Villreinen har gjeve oss livet.
(…)
Den vanskelege situasjonen til villreinen heng saman med korleis vi strukturerer samfunnet vårt. For å skaffe seg nok mat, treng reinen å bevege seg fritt over store areal. Etter kvart som vi har bygd ned meir og meir av naturen, med kraftindustri, vegar, idrettsanlegg, hus og hytter, så innskrenkar og stykkar vi opp leveområda til reinen, det gjeld både villreinen og tamreinen. For 100 år sidan var halvparten av landet vårt villmark. I dag har vi berre att 11,5 %.

Kva er verdiane våre? Er det firefelts motorvegar, oljepengar og vindmøller vi vil at etterkommarane våre skal arve frå oss? 
(…)
Vi trur at det vi driv på med er framsteg og utvikling – vi er heilt innsausa i den retorikken – men i realiteten bidreg vi til småe og store arealendringar. Vi høvlar bort naturen og byggjer vegar og hus. Det er lett å kjenne seg makteslaus i møte med utbyggingskreftene, for vi er jo i stor grad fanga av samfunnet vårt – både i infrastrukturen og i verdiane. Korleis i all verda kan vi kritisere velstandsutviklinga, velferdsstaten eller den nye, trygge motorvegen?

For to-tre generasjonar sidan kunne alle som budde i bygde-Norge å dyrke, hauste og konservere maten sin. Eg trur ettertida vil dømme oss hardt for måten vi på få generasjonar har rasert enorme naturområde og sloppe kunnskapen om skånsam hausting og konservering av mat rett ut av hendene våre.
(…)
Kor mykje det vil koste å ta vare på villreinen, er eigentleg irrelevant. Det vil uansett koste meir å miste han.