guri

Høgfjellsmeldinga – nå som lydbok

Systrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim er aktuelle med eit nytt samarbeid. Sigrid har nemleg lese inn lydbokversjonen av romanen til Guri, Høgfjellsmeldinga (Forlaget Oktober 2023). Systrene har mange samarbeid bak seg. I 2009 gav dei ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til Dag og Tid. Dei er òg kjente for performanceliknande opplesingar.

Måtte vera rett dialekt
Handlinga i Høgfjellsmeldinga er lagt til Hjerkinn på Dovrefjell. Hovudpersonen, Ragna, kjem frå Kjøremsgrende i Lesja. Det er mykje dialog i romanen, og Sigrid les replikkane til Ragna på dialekt. Resten av teksten blir lesen på nynorsk, med Lesja-dialekta lurande i tonefallet.

– Eg er utruleg glad for at Sigrid ville lesa inn lydboka, seier Guri. Det var viktig å bruke nokon med rett dialekt. Stadnamna lesast med lokal uttale! Sigrid var den beste til å gjera dette, også fordi ho skjønner boka utruleg godt og kan få fram dei ulike nyansane: det poetiske, det spennande, det indignerte, det satiriske og ikkje minst det humoristiske.

Lærerikt og veldig gøy
Sigrid las inn Høgfjellsmeldinga hjå Leirbålet lydproduksjon med lydteknikaren Roald Madland. Det tok 25 arbeidstimar å lesa inn den 8 timar lange lydboka. Sigrid har erfaring frå NRK radio, ho er utdanna musikar og litteraturvitar og arbeider til vanleg i Språkrådet. Dette var den fyrste lydbokinnlesinga hennar.

– Det er jo alltid litt skummelt å gjera ting ein ikkje har gjort før! Men Roald var veldig roleg og proff, så eg følte meg godt ivareteke frå start. Å lesa inn lydboka var intenst, lærerikt og veldig gøy.

– Kva var mest utfordrande med innlesinga?
– Det er mange karakterar i Høgfjellsmeldinga, og det var utfordrande å veksle mellom alle desse. Sjølv om eg ikkje varierer så mykje i stemmebruken mellom dei ulike karakterane, måtte eg ha ein idé inni meg om korleis dei ulike personane pratar og oppfører seg. Eg måtte føle dei inni meg. Det var òg utfordrande å lesa med god variasjon, både i tempo og i ulike stiluttrykk. Samtidig synest eg det var viktig å ikkje overdrive eller å gjera narr av karakterane.

Personalseminar og kontorhumor
– Har du endra syn på noko i romanen etter å ha lese heile høgt?
– Eg har fått opp augo for August. Tidlegare har eg tenkt at han har ei viktig birolle som sjef for Ragna og leiar av Villreinsenteret. Men personen August er også interessant. Han har spontane reaksjonar og eit språk det er godt å lesa høgt. Eg likar måten han brukar natur- og blomstermetaforar for å skildre ting og personar. Og så er han ein veldig god sjef for Ragna. Eg likar også Tundra, ho er ein av dei som gjev Ragna ein del motstand utan å vera ein fiende. Det er bra å ha ein jurist på laget!

– Det var også fleire kontorscener som eg og Roald måtte humre av i løpet av innlesinga. Det er mykje humoristisk jobbprat som det er lett å kjenne seg att i! Kven har vel ikkje vore på personalseminar for å diskutere visjonar og mål?

Meir om Høgfjellsmeldinga: her

Sigrid Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og bur i Oslo. Ho er utdanna klassisk pianist, litteraturvitar og journalist og arbeider til dagleg som seniorrådgjevar i Norsk språkråd. Som barn spela Sigrid og systera Guri firehendig piano i lag, og har sidan hatt ei rekkje samarbeid. I 2009 gav Sigrid og Guri ut romanen Ramstein pensionat. I ein tiårsperiode leverte dei humortekstar til avisa Dag og Tid. Dei er kjente for performanceliknande framføringar. I 2013 var systrene festspeldiktarar ved Dei nynorske festspela saman med Lars Petter Sveen.

Bokomslag: Sigurd Brørs

Høgfjellsmeldinga – lesevideo

Lurer du på om Høgfjellsmeldinga er noko for deg?

I videoen høyrer du Guri lesa den fyrste sida i romanen. Hovudpersonen Ragna sit og et frukost åleine i leilegheita si i Trondheim. Så får ho auga på ei stillingsutlysing i avisa …

«Kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter avdeling Nord», står det i ein annonse i avisa. «Arbeidsstad: Hjerkinn.» Denne stillinga er på ingen måte meint for ho, Ragna skjønner det. Dei spør etter nokon med høgare utdanning innanfor naturvitskaplege fag, ho har ikkje riktig bakgrunn. Men så skin utlysinga rett i ansiktet hennar likevel.

Meir info om romanen finn du: her
Høgfjellsmeldinga, Guri Sørumgård Botheim | Roman, Forlaget Oktober 2023

Video og lyd: Sigurd Brørs
Tekst og lesing: Guri Sørumgård Botheim

Boksøg: Høgfjellsmeldinga

Vårsøghelga i Surnadal
Laurdag 27. mai kl. 13 | Surnadal kulturhus, Kammerset
Gratis inngang

Boksøg med Guri Sørumgård Botheim leia av Svein Sæter. I samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag. Musikalsk innslag ved Sigurd Brørs. Boksal og signering.

Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Spørsmålet er brennbart stoff i folkesjela. Guri Sørumgård Botheim og Svein Sæter har båe nyleg gjeve ut bøker inspirert av natur og konfliktar på Dovrefjell. Under Vårsøghelga møtest dei til samtale om romanen Høgfjellsmeldinga av Guri.

Lesjingen Guri er gift med surnadalingen Sigurd Brørs. Han har laga omslaget til romanen og komponert ein song med tekst frå boka. Sigurd er med på boksøgen og framfører songen «Fjell og vilje».

Om Høgfjellsmeldinga
Romanen Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om naturrestaurering, kontorliv, radikale meiningar, kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter.
Hovudpersonen i Høgfjellsmeldinga, Ragna Svae, får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.
Men jobben viser seg å bli meir utfordrande enn ho hadde sett for seg. Hendingar i fortida blir kvervla opp. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

Meir om Høgfjellsmeldinga: Her

Om deltakarane
Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja. I 2009 gav ho ut romanen Ramstein pensionat i lag med systera Sigrid. I 2016 gav ho ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime. Den nye romanen Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri er utdanna litteraturvitar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Ho flytta i 2021 frå Trondheim til Dombås i lag med mannen Sigurd Brørs. [Foto: Benedikte Skarvik]

Sigurd Brørs kjem frå Surnadal. På dagtid er han grafisk designar i trondheimsfirmaet Headspin. På kveldstid er han låtskrivar og musikar. Sigurd var i mange år primus motor i pop-banda Karl Barx og The Brørs i Trondheim. Han har blant anna gjeve ut CD-en «Pappa-pop». Sigurd har laga songen «Fjell og vilje», lydsporet til romanen Høgfjellsmeldinga. Sigurd har òg laga omslaget til boka. [Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland]

Svein Sæter er forfattar og journalist busett i Stangvik. Mange av bøkene hans har tema frå natur og historie. Han har ferdast i Dovrefjell og Sunndalsfjella sia barndommen, og har skrive mykje om denne store fjellheimen i aviser, tidsskrift og bøker. Sist haust gav han ut boka Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem, i samarbeid med dottera Yngvild Sæter. I boka viser dei fram unike naturverdiar, som villreinen, og kva som truar desse verdiane.

Ny politikk for villrein: Kan skjønnlitteratur påverke?

Kan fiksjon bli til fakta?

Regjeringa ber om forslag til politikk for å betre tilstanden til villreinen i Noreg. Statsforvaltaren i Trøndelag samlar inn forslag til konkrete tiltak. Ragna Svae frå romanen Høgfjellsmeldinga har sendt inn forslaga sine både til regjeringa og statsforvaltaren. Kanskje nokre av Ragna sine tiltak kan gå i oppfylling? Som forfattar har eit ørlite håp om det!

Her er kopi av brevet:

Til regjeringa

Regjeringa ber om forslag til politikk for å betre tilstanden til villreinen i Noreg. Her følgjer fem forslag til tiltak for å ta vare på villreinen og høgfjellsnaturen. Tiltaka er formulert av romankarakteren Ragna Svae (publisert i romanen «Høgfjellsmeldinga», av Guri Sørumgård Botheim, Forlaget Oktober 2023, s. 329–330). Dovrefjell blir brukt som eksempel.

Tiltak:
1 | Krig og destabilitet i samfunnet er ein vesentleg miljøtrussel og kan få uana konsekvensar for naturen og dyrelivet. Styrka beredskap må frå dags dato definerast som eit tiltak for å ta vare på høgfjellsnaturen og annan sårbar natur. Samtidig må vi erkjenne at det å ta vare på fjellet og kunnskapen om skånsam hausting er sentralt for vår eiga matsikkerheit. Å revitalisere det norske småskala-landbruket er nødvendig for å ta vare på artsmangfaldet, hindre attgroing og sikre rein mat og natur.

2 | For å hindre utrydding av villreinen og andre artar må alle typar arealinngrep og arealendringar i fjellet opphøyre. Villreinområda må utvidast gjennom naturrestaurerande tiltak. Alle høgspentliner i villreinområde må fjernast på grunn av barriereeffekten dei har på reinen. For å reetablere villreintrekka mellom Dovrefjell–Knutshø og Dovrefjell–Rondane må ein enten fjerne E6 og jarnbane over Dovrefjell, eller så må det på utvalde strekningar byggjast ein miljøtunnel over infrastrukturen, eit torvtak som på sikt kan opne opp att trekkrutene til villreinen. Dette vil gjeva villreinen ein større aksjonsradius i kritiske omstende og styrkje overlevingsevna til villreinen i desse områda.

3 | Ljos- og støyforureining sjenerer både villreinen, anna dyreliv og menneska. Framleis er Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, saman med dei andre nasjonalparkane, område med lite ljosforureining. Lovverket må strammast til og praktiserast for å hegne om dette. Det er unødvendig å ha ljoskjelder som lyser heile natta på fjellet. Støy er problematisk i ein nasjonalpark, med konsekvensar det foreløpig ikkje er forska på. Fjellovergangar må nattestengjast. All type flytrafikk, sivil og militær, er uakseptabel over nasjonalparkar.

4 | Klimaendringane og utryddinga av artar strammar til alvoret. Varmare klima endrar vegetasjonen i fjellet, stressar dyrelivet og gjer det mindre motstandsdyktig. Staten må ta i bruk meir vidfemnande tiltak for å nå klimamåla. Norsk oljeutvinning må omgåande stoppast, og all flytrafikk må stengast ned fram til flyflåten er elektrifisert.

5 | For å redusere ferdselen i høgfjellsområda må det innførast strengare besøksreglar. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark blir stengt for alle andre enn innbyggjarane i kommunane rundt nasjonalparken (Oppdal, Folldal, Dovre, Lesja, Nesset og Sunndal). Folk som ynskjer å besøkje nasjonalparken, kan flytta til ein av kommunane, dette er god distriktspolitikk i praksis. Nasjonalparkane skal ikkje vera turistdestinasjonar. Sanering av turisthytter og merkte ruter er nødvendig. Turistforeininga si hytte på Snøheim skal rivast eller flyttast, og Snøheimvegen skal fjernast.

Som forfattar vil eg leggje til ein kommentar
Det som ser ut til å mangle, er ikkje kunnskap og evne til å gjera noko, men vilje. Det er behov for ei gjennomgripande haldningsendring hjå politikarar på alle nivå. Det er behov for å reetablere ein grunnleggjande respekt for naturen.

Ofte blir samfunnsøkonomi sett opp som ein motpol mot å ta vare på naturen og villreinen. Dette er ei feilslutning. Om ein tek vare på villreinen, tek ein òg vare på høgfjellsnaturen, og å ta vare på naturen vil – i eit langt perspektiv – utan tvil vera det (også samfunnsøkonomisk) riktige for menneskearten. Kor mykje det vil «koste» å ta vare på villreinen, er eigentleg irrelevant. Det vil uansett koste meir å miste han.

Vi menneske kom til landet i lag med villreinen, vi har ei samanvevd historie. Ragna Svae, hovudpersonen i romanen Høgfjellsmeldinga formulerer det slik:
«Villreinen har gjeve oss livet. Mistar vi villreinen, mistar vi oss sjølve. Døyr villreinen, er vi ikkje livet verdig.»

Eg håpar stortingsmeldinga vil føre til reelle politiske endringar.

Guri Sørumgård Botheim
Forfattar

– – –
Alle innsendte forslag:
Alle innsendte forslag til stortingsmeldinga finn du her (skroll heilt ned)
Alle innsendte forslag til statsforvaltaren i Trøndelag – Snøhetta villreinområde: her

Ope folkemøte om villrein

Laurdag 6. mai kl. 15–17
Lesja bygdemuseum, Tunstugu
Gratis inngang

Velkomen til eit triveleg folkemøte med villreinfagleg oppdatering og diskusjon!
Program
  • Knut Aastad Bråten spelar langeleik.
  • Innleiing ved Hans Erik Wold, leiar i Bevar Dovrefjell Mellom Istidene.
  • Dagleg leiar i Lesja fjellstyre, Elise Lyftingsmo oppdaterer oss på utfordringane for villreinen i Lesja.
  • Camilla Coldevin frå Nordveggen fortel om «Villreinarven» og formålet med prosjektet.
  • God tid til innspel og diskusjon.

Arrangør: Bevar Dovrefjell Mellom Istidene i samarbeid med Lesja fjellstyre og Villreinarven.

Tidlegare på dagen kan du få med deg:
Kl. 12.00: Bokslepp for romanen Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim.
Program: her
Kl. 13.30–15.00: Kaffe og kaffemat. Utstillingane er opne:
Villreinjegarane kjem – Gudbrandsdalsmusea
Heitkøtter – Eit liv i norsk natur – Gudbrandsdalsmusea

Bakgrunn for folkemøtet:

I 2021 kom villreinen på Artsdatabankens raudliste. Nesten all den gjenlevande europeiske villreinen held til i sørnorske fjellområde. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Regjeringa har vedteke at det skal lagast ei stortingsmelding om villreinen. Kva skal til for at arten overlever?

Statsforvaltaren i Trøndelag arbeider i 2023 med ein tiltaksplan for villreinen i Snøhetta-området. Målet er å betre forholda til villreinen. Innspel kan meldast til til Statsforvaltaren. Meir info: Utkast til tiltaksplan for villrein | Statsforvalteren i Trøndelag

Villreinfoto: Per Jordhøy

Bokslepp for Høgfjellsmeldinga

Velkomen til feiring av romanen Høgfjellsmeldinga
av Guri Sørumgård Botheim!


Laurdag 6. mai kl. 12.00–13.30, Tunstugu, Lesja bygdemuseum.
Gratis inngang

Program
  • Martine Haugen og Sigurd Brørs framfører songen «Fjell og vilje».
  • Kjersti Instefjord, redaktør i Forlaget Oktober, seier nokre ord om Høgfjellsmeldinga.
  • Knut Aastad Bråten samtaler med Guri Sørumgård Botheim om romanen og skriveprosessen.
  • Musikalsk innslag ved Dovrefjell Disharmoniske Selskab.


Kaffedrikking. Boksalg og signering.
Utstillingane i Tunstugu er opne. Alle interesserte er invitert vidare til:
Ope folkemøte om villrein kl. 15, program her

Arrangørar:
Forlaget Oktober, Lesja og Dovre dialekt- og mållag og Gudbrandsdalsmusea
Meir info om romanen Høgfjellsmeldinga: her

Om deltakarane

Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja. I 2009 gav ho ut romanen Ramstein pensionat i lag med systera Sigrid. I 2016 gav ho ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime. Den nye romanen Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri er utdanna litteraturvitar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Ho flytta i 2021 frå Trondheim til Dombås i lag med mannen Sigurd Brørs.

Sigurd Brørs kjem opprinneleg frå Surnadal. På dagtid er han grafisk designar i trondheimsfirmaet Headspin. På kveldstid er han låtskrivar og musikar. Før han flytta til Dombås, var han i mange år primus motor i pop-banda Karl Barx og The Brørs i Trondheim. Han har blant anna gjeve ut CD-en «Pappa-pop». Nå lagar han ny musikk frå eige heimestudio, og fyrste låt ut er «Fjell og vilje», som han syng i lag med Martine Haugen. Sigurd har òg laga omslaget til Høgfjellsmeldinga.

Martine Haugen er musikar og låtskrivar frå Dombås, blant anna kjent frå countrybandet Gone North. Martine er rektor i Lesja og Dovre kulturskule, der ho òg underviser i song og gitar. Ho har teke utdanninga si på Hamar, og er faglærar i musikkfaget.

Kjersti Instefjord er seniorredaktør i Forlaget Oktober. Ho kjem frå Stavanger og bur på Nesodden. Kjersti arbeider med forfattarar som Tore Renberg, Kjersti Skomsvold, Frode Grytten, Stein Torleif Bjella og Leander Djønne. Kjersti har vore redaktør for Guri gjennom heile forfattarskapen hennar, fyrst i Det Norske Samlaget og nå på Forlaget Oktober.

Knut Aastad Bråten kjem frå Fagernes og bur tidvis på Lesja. Han er kulturhistorikar, folkemusikar, skribent og dagleg leiar for folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet. Som spaltist i Nationen skriv han om norsk kultur- og distrikspolitikk. Han har tidlegare vore redaktør for tidsskrifta Syn og Segn og Folkemusikk. Knut er ein av dei fremste utøvarane i landet på langeleik.

Dovrefjell Disharmoniske Selskab vart etablert i 1981. Det er eit blandakor som syng innan mange musikkstilar: viser, folkemusikk, kyrkjemusikk og populærmusikk. Koret har for tida 10 medlemmar.

Foto av Guri Sørumgård Botheim: Benedikte Skarvik. Foto av Kjersti Instefjord: Forlaget Oktober. Foto av Knut Aastad Bråten: Cathrine Dokken. Foto av Martine Haugen: Maria Uldahl. Foto av Sigurd Brørs: Nils Kristian Thompson Eikeland.

Fjell og vilje – Musikkvideo til romanen Høgfjellsmeldinga

Gaute og Ragna helsar på kvarandre i ein pause på universitetet. Gaute seier han liker dialekta til Ragna. «Kan du lære meg nokre ord?» spør han. «Du må lære deg å uttala stadnamna riktig», svarar ho, «Hjerkinn, Sjohætta, Doverfjelle». Gaute hermar. Ho må seia orda gong på gong, og han tek opp att. Dei øver. Dei blir forelska i kvarandre.

«Fjell og vilje» er komponert til romanen Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim (Forlaget Oktober 2023). Romanen er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og sterke meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.

Martine Haugen syng stemma til Ragna på lesjadialekt, og Sigurd Brørs syng stemma til Gaute.

Martine Haugen er kjent frå countrybandet Gone North og er rektor i Lesja og Dovre kulturskule. Sigurd Brørs er grafisk designar i Headspin og musikar. Guri Sørumgård Botheim er forfattar og rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Alle tre bur på Dombås.  

«Fjell og vilje» kan òg høyrast på Spotify.

Om songen «Fjell og vilje»:
Tekst: Guri Sørumgård Botheim og Sigurd Brørs
Melodi og arrangement: Sigurd Brørs
Vokal: Martine Haugen og Sigurd Brørs
Bakgrunnsvokal: Sigrid Sørumgård Botheim
Mix: Jarl-Ivar Andresen
Mastering: Morten Stendahl
Video: Sigurd Brørs

Les meir om romanen Høgfjellsmeldinga.

Høgfjellsmeldinga

Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om respekt for naturen, naturrestaurering og sterke meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter. Romanen har begeistra bokmeldarane og lesarane. Boka kan kjøpast frå Forlaget Oktober eller frå ein bokhandel. Nettbokhandlane Norli, Ark og Akademika Fritid har boka til maksrabatt og fri porto.

Om romanen

Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp. Kven er det som truar ho og kva ligg bak?

Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

Høyr songen «Fjell og vilje» – lydsporet til Høgfjellsmeldinga.

Sagt om Høgfjellsmeldinga

Det er ein pageturnar av ein økothriller, det er godt skrive om brennheite tema som vi treng å snakke om, det er kraftige salver, både mot DNT si invadering av fjellheimen og statleg byråkrati og konsulentar som ofte berre vissvassmumlar i veg. Og så er det kjærleik, mykje kjærleik, både til fjell, natur og menneske. Og villrein.
Terningkast seks frå meg, minst.

FORFATTAR SIGRI SANDBERG på Instagram 21.06.23

Fortellinga si veksling mellom bergtakende skildringer, heftige konflikter og gripende avsløringer gjør «Høgfjellsmeldinga» til et must read for alle romanlesere.
LITTERATURVITAR JOAKIM TJØSTHEIM PÅ INSTAGRAM 09.08.23

Det er lenge siden jeg har lest en bok som har betydd så mye for meg. Den vekket sterkt til live mitt miljøengasjement, på nivå med da jeg leste Mengele Zoo av Nygårdshaug for tretten år siden. Blir helt sånn «jeg må gjøre noe NÅ!»
SKRIBENT KJERSTI NEDRESKÅR PÅ INSTAGRAM 08.08.23

«Høgfjellsmeldinga» av @gurisheim er først og fremst en fantastisk spennende og god roman med et briljant persongalleri, engasjerende handling og ikke minst høyaktuelle tema. Det hevdes at den beste boka er den du tenker du kunne skrevet sjøl, men det er jeg uenig i. DEN BESTE BOKA, ER DEN SOM ER SKREVET SPESIELT FOR DEG! Jeg har funnet mi helt spesielle bok ❤️ Og ikke bare det: jeg tør påstå at om det store flertallet hadde lest boka og skjønt hva den forteller, hadde klima-, miljø- og naturdebattene vært på et fundamentalt annet nivå, det hadde vært oppriktige ønsker om langsiktige, gode og bærekraftige løsninger, vilje til handling og forståelse av at både kong Salomo og Jørgen Hattemaker må være med å bære kostnadene.
BERIT_BOK PÅ INSTAGRAM 13.07.23

Terningkast 5 | Ragna er kvinnen som blir en av Dovrefjells helter. Og fienden for andre.
STEIN ROLL, ADRESSEAVISEN 06.04.23

«Høgfjellsmeldinga» er krim for middelklassen. Det er ment som et kompliment.
[…] Ragna allierer seg (…)  med sine naboer i kamp mot den moderne masseturismen, og ender til slutt med å foreslå at Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark blir stengt for alle andre enn de lokale. Det er en forfriskende innfallsvinkel i en debatt der nøysomme bygdefolk gjerne demoniseres, mens bymennesker med mange ganger større CO2-avtrykk lettere slipper unna bare fordi de har gode verdier og er glade i å gå tur i fjellet. 
[…] Botheim faller aldri for fristelsen til å skrive Hjerkinn om til en øde og blodtørstig bygd av typen vi kjenner fra moderne nordisk krim. Likevel klarer hun å gjøre «Høgfjellsmeldinga» så spennende at boka er vanskelig å legge fra seg.
[…] «Høgfjellsmeldinga» er en bok som lurer leseren (…) dersom man gir den en sjanse, tripper den av gårde lett på foten som en lykkelig reinsdyrflokk på vei over Dovrefjell.
MÍMIR KRISTJÁNSSON, KLASSEKAMPEN 15.04.23

«Høgfjellsmeldinga» er ein fleirstrenga og leseverdig roman, som tek opp eitt av dei store spørsmåla i tida gjennom å følgje resonnementa til folk med svært ulike interesser. Romanen hjelper lesaren med å tenkje.
MARTA NORHEIM, NRK 02.04.23

Botheim har en evne til å ikke bare løfte spørsmål knyttet til natursyn, men også til å formidle naturskildringer – dermed blir det også tydeliggjort hvorfor arter som villreinen og fjellandskap som Dovre er verdt å ta vare på. Videre er Høgfjellsmeldinga en medrivende romanfortelling som berører temaer som tilhørighet og sorg. Et annet vellykket aspekt ved romanen er refleksjonene rundt språk. Bare det å uttale Hjerkinn riktig, er et spørsmål om lokalkunnskap, tilhørighet og tilknytning til naturen man beveger seg i: «Svånhild seier ordet sakte ein gong til, med vekt på kvar staving: Sjær – kjinn. Om du uttalar ordet slik vi innanbygdsbuande gjer, så slepper du inn. Seier du Hjerkinn med stum h og skarp k, er du utestengt».
TOMINE SANDAL, BLA Bokvennen Litterær Avis — Nr. 4, 2023

humoren i romanen er av slaget som vokser underveis […] Skal vi kunne gjøre noe til vårt eget, en kamp til vår egen, er vi nødt til å kunne le av oss selv.
LIVE LUNDH, MORGENBLADET 31.03.23

Høgfjellsmeldinga er ei underhaldande og god bok. Den er også ein spenningsroman. Den tar for seg ein høgaktuell problematikk: Korleis skal samspelet mellom urørt natur og menneskeleg aktivitet vere i fjellheimen vår? Det er eit tema som vekkjer sterke kjensler hjå folk. Noko som det verkeleg gjer med folka i Høgfjellsmeldinga! Eg tenkte medan eg las boka, at dette kunne ha vorte eit godt filmmanus. Romanen har truverdige karakterar, humor, drama og spenning. Og så ein pilegrimsprest da. Det er jo perfekt!
ESPEN TØRSET, NORSK TIDEND nr. 3, juni 2023

Medieomtale

Vigga 12.03.23 (+) | Intervju skrive av Kirsti Vik Hjerkind: «Hjemkomsten …»
Samtiden 16.03.23 | Intervju: «Eg tør nesten ikkje å seia kor godt eg har likt å skrive denne boka».
Adresseavisen 17.03.23 | Omtale av songen «Fjell og vilje» – lydspor til romanen Høgfjellsmeldinga.
NRK P1 Eftan i Innlandet 23.03.23 | Radiointervju
GD 26.03.23 (+) | Portrettintervju skrive av Kari Utgaard: «Guri skrev mens ungen sov …»
Dag og Tid 31.03.23 (+) | Intervju skrive av Julie Killingberg: «Høglydt om høgfjellet»
NTB-sak publisert i Samtiden 31.03.23 og Folkebladet: «Lar kompromissløs romankarakter snakke villreinens sak»
Trollheimsporten 19.04.23 | Førehandsomtale av bokarrangement: «Rett og gale i fjellet»
Folldalsportalen 05.05.23 (+) 05.05.23 | Intervju skrive av Margrethe Otnes: «Høgfjellsmeldinga: Litteratur og virkelighet møtes på Hjerkinn»
Vigga 09.05.23 (+) | Omtale frå boklanseringa skrive av Marit Tynnøl: «Guri ville hylle norsklærarane»
Driva 27.05.23 | Førehandsomtale av bokarrangement skrive av Mari Vattøy: «Kven har rett til å bruke fjellet og til kva?»
Driva 30.05.23 (+) | Reportasje skrive av Nanna Ranes: «Gir turistforeninga en på tygga …»
Litteraturhuset i Oslo – podkasten Olaug og Aubert | Episoden «Å skrive om naturkrise» omtalar Løpe ulv av Kerstin Ekman og Høgfjellsmeldinga.
Valdres 10.06.23 | Bokomtale skrive av biblioteksjef Marit Karlberg, omtala kan òg lesast på nettsida til Øystre slidre folkebibliotek
NRK P2 Ekko 17.08.23 | Martha Våge samtaler med Roy Andersen (dagleg leiar Norsk villreinsenter) og Guri Sørumgård Botheim (forfattar) om villreinen.
Adresseavisen 04.09.23 (+) | Intervju skrive av Grete Holstad: «Vil fjerne populær hytte: – For mye folk slippes inn i fjellet»
Bladet Lokalavis for Malvik, Meråker og Stjørdal 04.09.23 | Omtale av Høgfjellsmeldinga på leiarplass

Ola-karane. Fjelliv og vennskap

Fiskekrønike for Lesja er ei gigantisk bok om fisking i Lesja, gjeve ut av Snøhetta forlag 2021. Hovudforfattar og redaktør Per Jordhøy byr på 368 sider, 640 bilde og teikningar, og tekstar frå 13 medforfattarar. Boka er interessant for folk med lokal tilknyting og for alle som er interessert i fisking og fjellhistorie.

Per Jordhøy oppfordra meg til å skrive ei forteljing om Ola-karane – to venner frå Kjøremsgrende som var mykje i fjellet i lag. Eg fekk god hjelp av Ola Jo Botheim, Rolf Sørumgård, Jørn Botheim og Aagot Sørumgård Botheim som fortalde historia om Ola-karane til meg.

Ola Sørumgård (1859–1941) var oldefar min. Ola Rolstad (1864–1954) var gift med Elise, tanta til Sverre J. Botheim, bestefar min. Ola-karane fiska i lag i Mjogsjøen kvar sommar, heilt til dei vart gamle. Familiane deira begynte å bekymre seg for gamlekarane. Men da svara Ola Sørumgård: «Døyr e i fjelle’ så døyr e på post».

Her kan du lesa eit utdrag frå forteljinga om Ola-karane. Resten finn du i Fiskekrønike for Lesja. Boka kan bestillast frå Snøhetta forlag her: lenke

Fjellengt
Det blir fortald om oldefar min, han Ola Sørumgård, at det plutseleg kunne koma ein sterk fjellengt over han. Om det så var midt i slåttonna, kunne kan kaste det han hadde i hendene. «Nei, nå bli det lugumt fiskevêr, e må gjera me en tur innover». Dei var mange på Sørungard til å gjera arbeidet, og ingenting kunne halde han heime. «Marit, e trur du må vera med og niste me ut», sa han. «Kan du gå uppi eldhuset og steikje utu ei nodo åt me?»

Turfølgje
Ola gjekk så til Rolstad, ein kilometer lenger nord i bygda. Han måtte skaffe seg turfølgje for å kunna fiske med garn. Om Ola Rolstad og kona Elise fekk auga på Ola som kom gåande beinvegen nedover til Rolstad, visste dei kva han kom for. På sine eldre dagar gjekk han gjerne med ein trestav i handa. Gammel-Sørungard’n vart han kalla.

Da han kom inn i stugu, var det høgtideleg, og det skulle pratast om andre ting fyrst. Elise serverte kaffe i fine, små koppar på eit lite, rundt bord. Ho diska opp med skrivabrød og rumbrød. Da dei så å seia var ferdige med kaffedrikkinga, kom Ola Sørumgård endeleg til poenget. «I mårgå går e», sa han. Han sa ikkje kvar han skulle, for det var sjølvsagt. Det var til Mjogsjøen. «E fe vera med uppå bue og proviantere, e da», svara Ola Rolstad. Så rusla dei oppover i lag.

Provianten
Vi veit ikkje kva dei kjøpte på bue, men kanskje var det varer som tobakk, kaffe og sirup. Kanskje kjøpte dei eit nysteikt brød. Frå heime fekk dei med seg hardbrød, spekemat, smør og ost. Tre ting var ifølgje Ola Sørumgård viktigare enn alt anna: Pipe, tobakk og fyrstikker.

Ola Rolstad i Mjogsjøen rundt 1935. Bildeutlån: Rolf Sørumgård.
Ola Sørumgård i Mjogsjøen. Rundt 1935. Bildeutlån: Rolf Sørumgård.

Gåturen frå Kjøremsgrende til Mjogsjøen var om lag to mil. På vegen innover gjekk dei gjerne innom Håkåstadsetre i Svartdalen for å kvile og prate med budeia Marit, som var brordotter til Ola. Etter at dei vart gamle, overnatta dei der på tur innover. Der fekk dei ordna seg med surmjølk til turen. Middagsmaten til fjells var helst fiskesuppe og kokt fisk. Dei åt dei minste fiskane dei fekk, dei store skulle vera med heim att.

Datidas ferie
Fisking var matauk, og fangsten kom godt med heime. Men det var ikkje noko dei måtte gjera. Ola-karane hadde ein sterk lengt etter fjellet, dei fiska fordi dei likte det. Å gå til fjells var deira form for ferie, det var ei friheit, dei kom seg bort frå det daglege arbeidet. På Sørungard var dei ein stor familie, og det var sikkert godt med ein pause. I fjellet styrte karane seg sjølve, og kanskje var reglane litt annleis enn i bygda, for her var det ingen kvinnfolk som passa på.

Meir om Ola-karane finn du i Fiskekrønike for Lesja.

Å lengte til fjells

I 2019 fekk eg det ærefulle oppdraget å halde festtale under Diktardagar i Lom. Tema for Diktardagar 2019 var fjellet. Her er ein skriftleg versjon av tala, som handlar om fjellengt, synssansen til folk og rein, barne-TV-karakteren Tullerud, om Hjerkinn og setra Vesllie.

Diktardagar, Lom, laurdag 31. august 2019 | Guri Sørumgård Botheim

Om dette er ei festtale, så er det ei festtale for høgfjellsnaturen. Om dette er ei festtale, så er det ei festtale for bygdefolket som tek vare på kunnskapen om å hauste av naturen på ein skånsam måte. Om dette er ei festtale, så er det òg ei sint tale.

Det blir sagt om oldefaren min, han Ola Sørumgård, at han kunne stå på jordet og drive med onn, plutseleg kom det så sterk ein fjellengt over han at han berre kasta det han hadde i hendene og for oppover jordet. Han gjekk inn og forlangte: «Marit, gå burti eldhuset og båkå utu ei nodo åt me». Det var hardbrød, flatbrød, som var nista hans. Etterpå gjekk turen vidare til han Ola Rolstad, for å skaffe seg turfølgje. Det hasta med å koma seg av garde.

Å kikre
Kanskje er det ikkje så rart at mange av oss kjenner ei sterk lengt etter fjellet. Da istida gav seg, følgde forfedrane våre etter villreinen oppover i terrenget. Kanskje var det ikkje berre behovet for mat som dreiv dei? Kanskje likte dei å gå oppover, finne ein plass med utsikt, få oversikt.

Eg vart sjokkert da eg som godt vaksen fekk veta at å kikre er eit dialektord – andre stader seier dei «å sjå i kikkert». Kanskje vi som bur her rett og slett kikrar meir enn andre folk, og difor har meir bruk for verbet. I byen bryr ein seg ikkje så mykje om kven som passerer forbi. I fjellet kikrar vi på dyr og menneske med enorm nysgjerrigheit sjølv om dei er fleire kilometer unna.

Å bli blenda
Dei fleste av oss lever ikkje like tett på høgfjellsnaturen og villreinen som forfedrane våre. Forholdet er meir snudd nå. Vi er vant til å tenkje at vi bestemmer over naturen, at vi forvaltar naturen, som det så fint heiter, passar på han.

Men klarer vi støtt å sjå kva som er bra eller riktig?

Reinsdyra skiftar augefarge med årstidene. Det er forskarar ved Universitetet i Tromsø som har funne ut dette i lag med kollegaer i London. Om sommaren har reinen brun-gule augo, og om vinteren blåe. Ljosbrytinga i dei blåe linsene er annleis enn i dei brun-gule. Dei blåfarga vinterlinsene gjer at reinsdyra ser mindre skarpt, men kontrastane blir forsterka og dei oppdagar lettare skuggar og bevegelse. Vintersynet gjer at dei kan avsløre rovdyr og koma seg unna. Det gjer òg at dei lettare finn mat, og at dei kan unngå farlege stup. Synssansen justerer seg for å beskytte reinen, den er livsviktig.

Byar og tettstader er i dag så opplyste at folka som bur der sjeldan kan sjå stjernehimmelen godt. Om ein reiser til fjells og ser natthimmelen i klarvêr for fyrste gong på nokre år, kan ein bli heilt overvelda, svimmel, kanskje til og med redd.

Reinsdyr som held til i område med mykje ljosforureining, i nærleiken av byar, mistar evna til å endre augefarge. Om dei kunstige ljoskjeldene hadde kome plutseleg, ville reinen kanskje ha flytta seg lenger inn på fjellet. Men lampene har kome gradvis.

Kan det tenkjast at vi menneska òg går glipp av noko, at vi har mista evna til å få auga på ein livsviktig informasjon, fordi vi har late oss blende av våre eigne lamper?

Kva er det vi går glipp av?

Det er vanskelegare å leggje merke til gradvise endringar i kvardagen enn dei plutselege. Vi blir sakte blenda av vår eigen opplyste og travle kvardag. Det er lettare å sleppe gradvise endringar for langt enn dei plutselege, fordi det er vanskelegare å finne grensa, punktet der ein ikkje lenger kan tolerere det som skjer, tidspunktet for å begynne å springe, tidspunktet for å trampe med foten og gå til motangrep.

Tullerud – tøffel eller helt?
Eg ser ofte på barne-TV i lag med dotter mi. I serien Planetpatruljen slår ein gjeng med ungar i Tromsø alarm kvar gong den tullete naboen Tullerud finn på noko som skadar naturen. Etter at ungane har spela han eit puss og forklart i klartekst kva han gjer gale, så innser han heldigvis feilen og skiftar meining – i kvar einaste episode. Plutseleg ein dag begynte eg å gruble på den her irriterande og patetiske karakteren Tullerud. Han er lydhøyr overfor ungane, han tek innover seg ny kunnskap og endrar haldning. Noko som eigentleg er ganske utypisk for dei fleste av oss vaksne. Eg begynte å kjenne på ein fasinasjon for Tullerud, ja, eg vart rett og slett litt forelska i han. Om alle hadde vore like endringsvillige som han, hadde vi ikkje hatt nokon klimakrise eller miljøproblem. Tullerud er eit ekte forbilde.

Hjerkinn og forholdet til naturressursane
Hjerkinn ligg midt på Dovrefjell. Her har ein utsikt til det som gjerne blir kalla nasjonalfjellet Snøhetta og til Svånåtinden, det høgaste fjellet i heimkommunen min, Lesja.

Dei to siste åra har eg skrive på ein roman, som eg verkeleg håpar å kunne dele med dykk i løpet av eit par år. Romanen handlar om ei dame som får seg arbeid på Hjerkinn og flyttar dit frå Trondheim. Det som starta som ein heilt tilfeldig idé, at handlinga foregår på Hjerkinn, verkar ikkje lenger så tilfeldig i hovudet mitt. I dei siste vekene har på ein måte verkelegheita innhenta den upubliserte forteljinga mi og køyrd forbi.

Hjerkinn er på mange måtar ein spesiell plass. Kanskje går det an å seia at Hjerkinn er ein stad som fortel historia om mennesket sitt forhold til naturressursane.

Gjennom tusenvis av år og fram til 1900-talet har bruken av fjellet vore forsiktig og audmjuk – utan å setja store spor i landskapet. Hjerkinnsområdet har vore brukt til jakt, fangst, fiske, beiting og setring. Men så skjedde det noko.

På 1920-talet vart det anlagt skytefelt i eit stort område, og i fleire omgangar utvida. Bygdefolket vart rydda av vegen, vegetasjonen vart perforert av missilar.

I 1969 vart det starta gruvedrift på Hjerkinn. Gruvene bidrog med enorme verdiar til Noreg. Det vart henta ut 15 millionar tonn råmalm. Giftig slagg vart sleppt ut i vatnet.

Da gruvedrifta skulle leggjast ned, vart det foreslått å lagre spesialavfall i gruvegangane. Det førte til ein stor protestaksjon i 1992, og planane vart heldigvis skrinlagt.

I 2009 vart det gamle skytefeltet avvikla og det vart starta eit unikt naturrestaureringsprosjekt, som fortsatt pågår. Området på 165 kvadratkilometer blir reinsa for eksplosivar og ammunisjonsrestar, metallskrap og avfall. Det er funne over 500 tonn metallavfall og 18 000 blindgjengarar. Området skal revegeterast. Vierstiklingar blir planta. Sår skal gro. Hjerkinn er inne i ein ny fase.

Setra Vesllie
Sjølv om freden har kome til skytefeltet, foregår det fortsatt ein dragkamp om ressursane i området.

Garden far min kjem frå, Rolstad, hadde ei seter som heiter Vesllie. Forsvaret overtok setra i 1960 fordi ho låg i skytefeltet. Klima- og miljødepartementet har vedteke av setra nå skal rivast som ein del av arbeidet med å rydde skytefeltet, sjølv om setra låg der allereie frå 1870-talet, lenge før skytefeltet kom. Grunngjevinga er omsynet til villreinen.

For tre veker sidan eksploderte saka, dagen før setra skulle rivast. Protestane og engasjementet var massivt. Tusenvis av folk signerte eit opprop og engasjerte seg på sosiale medium, blant anna i Facebookgruppa Bevar Vesllie! Det vart òg laga ei markering på Hjerkinn med appellar. Ministeren bestemte seg så for å utsetja rivinga på grunn av «uroa» rundt saka, men vedtaket om riving står altså ved lag.

I motsetnad til gardbrukarane som eigde Vesllie, fekk DnT attende turisthytta si Snøheim frå Forsvaret, som vederlagsfri gåve. Snøheim og skyttelbussen inn dit genererer over 20 000 besøkande i året midt inne i verneområdet – godkjent av det same Klima- og miljødepartementet. Men ei gamal seter med nokre få bygningar i randsonen av nasjonalparken, og utan noko sterkt reinstrekk, skal ikkje få lov til å stå.

Vesllie vart plutseleg eit symbol på den kampen som foregår mellom by og land, mellom dei som bestemmer i byen og dei som lever i området. Spørsmålet er kven skal få bruke høgfjellsnaturen og til kva? I praksis har turistane fått fyrsteretten, og bygdefolket er sett til sides.

Beredskap
Bestemødrene mine kunne å leva av naturen – eg kan det ikkje. Vi har bygd oss eit sårbart samfunn, gjort oss avhengig av industri og komplisert teknologi. Om det oppstår uro, om straumforsyninga og internettet dett ut, må vi hente fram att kunnskap frå tidlegare generasjonar, kunnskap vi har sloppe rett ut av hendene våre. Om vi ein dag må bli sjølvforsynte att, overlever vi på jakt, bærplukking, fisking, jordbruk og beitebruk. Å ta vare på kunnskapen om berekraftig hausting av naturen og konservering av matvarene er den beste beredskapen vi kan ha.

Det er på tide at bygdefolket får attende fyrsteretten til å vera i fjellet og å ta vare på naturen vår!

Eg vil avrunde med eit dikt frå diktsamlinga mi, Heime mellom istidene (Samlaget, 2016)

forfedre rak i fjellet
gjekk innover på tunnsliti sole
lena se mot vind’

døm va her
så ofte og
så lengje
at fjellet vart en heim

døm gav namn åt
gånplasse uti sjøe
bekkje og steine

tidlegar va namnan
i minnet
nå ligg nogre tå døm på kartet
på vent
te låns når døm trøngst

råkan e lino millom forfedran og me
vatn henta oss
frå den såmå kjelda
oss sola oss når det e varnt
kler oss i tjukke ullgensere når
det e kaldt
utsikte e den såmå
når oss ligg i høn og kikra
ogofor tregrensun pusta oss fritt